tirsdag 8. mai 2012

Heile verda..... og litt til.....;o)

Dette er kva Laila og eg har putla med i det siste...... Vi delte søsterleg....;o) ei side til kvar.....

Vi tok utfordringa med å sy ny fane til Havrenes Barnehage. Framsida skal vise fram namnet og kva avdelingane heiter. Kan du gjette kva dei heiter??

Det er det som i overskrifta blir referert til som "og litt til".....;o)

Desse figurane høyrer til i den flotte fantasiverda som eg håpar alle ungar kan ta del i.

Ingenting er vel som å bli lest for. Å kunne sjå føre seg bileter av kva teksten handlar om og samtidig sjå bilete i boka. Å leve seg inn i bøkene si verd er verdifult for både born og vaksne.

Laila har kosa seg med dei. Det er både handsaum og maskinsaum og mange, mange bitar som har blitt applikert;o) Vi har brukt batikkstoff til applikasjon og fekk dermed bruke klare, gode fargar og fekk fine sjatteringar i figurane.

Eg fekk boltre meg med heile verda.....
Det vil seie ein jordklode og glade barneansikt....

Eg håpar oppdragsgjevar blir nøgd, eg er i vert fall nøgd med det vi har laga.

Det har vore utfordrande og kjekt å lage denne fana. Vi har teikna, forstørra, teikna på nytt, klipt, limt, sydd og sydd og sydd... og....;o)



Her er eit  av barneansiktet.

Det var utruleg moro å lage dei og sjå kor forandra og "levande" det vart når saumen kom på plass. Eg synes i vert fall at dei vart "levande"

Det er Kari Grossmann sine teikningar som har inspirert meg.

Det er kjekt å bli spurd til slike oppdrag og kunne få utfalde seg og samtidig få meir kunnskap og erfaring undervegs.

No er det litt handsaum att, kjekt med litt mindre arbeid etter slike store prosjekt.

Gjer dagen din god!

8 kommentarer:

Edny sine puslerier sa...

Skikkeleg fin og artig barnefane! Eg likar godt at sidene er forskjellige. Det blir sikkert mange stolte barn og vaksne bak denne fana i år;)
Eg har sydd fleire faner, og det er litt av ein jobb!! Men vedlig kjekt også;)

Inger sa...

Så heldige barnehagen er som har nokon som syr så flott fane til dei. Det er litt av ein jobb og resultatet vert veldig fint.

Ann Tove sa...

Kjempefin fane.

VaKna sa...

Kan hende eg er på grensa til inhabil, men uansett så meinar eg det er ei flott fane de har laga til ein flott barnhage....!!!

HeidiGR sa...

Jepp! Vi er veldig nøgde med ny fane! Den er utruleg fin, og akkurat slik vi i barnehagen ynskte den: Tar det beste med frå den gamle, og symboliserer på ein betre måte ennden førre at vi er internasjonale!
Stor takk til Solveig og Laila

HeidiGR sa...

Jepp! Vi er veldig nøgde med ny fane! Den er utruleg fin, og akkurat slik vi i barnehagen ynskte den: Tar det beste med frå den gamle, og symboliserer på ein betre måte ennden førre at vi er internasjonale!
Stor takk til Solveig og Laila

HeidiGR sa...

Jepp! Vi er veldig nøgde med ny fane! Den er utruleg fin, og akkurat slik vi i barnehagen ynskte den: Tar det beste med frå den gamle, og symboliserer på ein betre måte ennden førre at vi er internasjonale!
Stor takk til Solveig og Laila

ReidunRL sa...

Hei Solveig
Så fin den har blitt, godt jobba. Ei flott fane til ein fantastisk barnehage. Takk for klemmen