lørdag 19. mai 2012

Sommarfint

Ein tur på Brandsøyåsen i går kveld gav inspirasjon til ein kreasjon.....

Eg trur det blir noko sommarfint.....

Overdelen i creme har eg strikka på i vår. Litt no og litt då.... Den har vore med meg rundt om kring. Det har blitt strikka ein pinne no og ein då... Siste pinnane vart strikka i går og i dag har den fått heklekant.



På turen kom eg på at det hadde vore fint med ein hekla kant nede på skjørtet. Eg tenkte først at den gjerne kunne vore grøn, men i dag tidleg låg eit anna nøstet i skåla og berre ropte på å bli brukt, og slik vart det.

I dag her eg hekla, heklar og heklar, og i sola har det vore ei vakker dag;o ). Det er laaaaaangt rundt kvar omgang, men blonden veks og eg trur den vil bli ei fin avslutning på skjørtet.

Eg bør gjerne teste om den fargar av, viss ikkje går eg ein lyserosa sommar i møte..... Eg satsar alt på et det blir slik eg opprinneleg har tenkt i creme med fine fargar til;o)

Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Lilla dør sa...

Såg spennande ut:) gler meg til å sjå resten . Ha ein fin laurdagskveld. Klem

KariL sa...

Ser riktig så lekkert ut. Spennande. Handsaumen din er også nydelig. Min veks ikkje like fort.

Ha ein forsatt fin laurdagskveld!

KariLklem:)

Ann Tove sa...

Dette ser fint ut. Håpar å få sjå heile kreasjonen når den er ferdig.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Det vert nok kjempefint med heklakanten:) Eg har fått meir og meir sansen for slike kantar, sjølv om eg ikkje er spesielt til det romantiske:)
God søndag!