Sist Sjeive Sting var samla var vi heldige å få ein bit med fjonge damer. KariL delte villig ut ei til kvar, slik at vi kan utfolde oss kreativt.
Vi møttest i veka som var, og då var vi 3 som kunne vise fram våre kreative krumspring.
Den fjerde hadde gløymt si heime, men ho har vist den fram tidlegare, eg reknar med at den blir vist fram neste gang vi møtes......;o)
Her er Eli, (utan blogg), si nye flotte symappe. Lekker framside, på biletet over...
..og praktisk og god innside. Det er lommar til alt ein har bruk for til handsaum og slikt. Den er verkeleg flott!
Her blir det orden i sakene, både nål og tråd har fått plass i tillegg til minst 3-4 lommar....
KariL trengde mappe til hekletyet sitt, lekker i svart, kvit med raude detaljar;o)
Eg vil tru at det er god plass til både tråd, mønster og heklekrok i denne.
Fin til pynt er den og......;o )
Takk Kari, for at du ville dele og utfordre oss i kreativitet;o )
Det er kjekt å sjå at det er blitt heilt forskjellig resultat av eit likt utgangspunkt.
Det blir spennande å sjå kva resten av gjengen finn på.....;o )
Eg laga ei mappe til å henge på veggen til å samle ting og tang...
Mønsteret er henta frå My Quilt nr 01/2012.
Eit veldig enkelt og greitt mønster å følge! Og det er god plass i lommen.
Den rommar no mønster og malar og skal opp på veggen på syrommet. Eg trur eg har klart å finne ein ledig plass.....;o)
Elles er det handsaum for alle penga hos meg! Eg held på med siste runde av sekskantar) og den som ventar får sjå....;o)
Gjer dagen din god!
3 kommentarer:
Kjempe fin og stilig .....likt dei fjonge damene. kjekk poser og mapper du har sydd. Eg kunne ha tenkt meg å vert med i sjeive sting:)))). goé laurdags kveld. klem
Så fine og praktiske ting med og til fjonge damer;)
Det var veldig kjekt å sjå at "damene" har inspirert dokke. Flotte resultat.
Forsatt god helg!
KariLklem:)
Legg inn en kommentar