tirsdag 29. mai 2012

Klar til det meste.....;o)


Dei siste dagane har vore gode, varme og solrike. Det meste går lettare når vi har sol og sommar.

Tenk å sleppe kle på seg lag på lag med klede. Kunne stikke ein tur i skogen, lettkledd og med joggesko eller trippe på skulen i sommarklede og lett og ledig springe eller klatre rundt.

Vere ute i hagen med ei god bok eller handarbeid eller med lydbok på øyret. Sjå kor det veks og blir grønt og frodig att. Åhhh måtte det vare, eller kome att, då tenkjer eg på varmen.

Eg har no sikra meg då, med ei ny varm jakke. Varm i fargen og mjuk og lun til kjøligare dagar og kveldar.


Mønsteret eit gratismønster som eg har gøymt på ei stund. Både mønsteret og forma på jakka passar meg, og passar ypperleg til bil/fjernsynsstrikk. For tida er det då eg strikkar..... Litt endringar vart det, som vanleg. Denne gangen var det berre lengda eg endra på....

Tråden er Lerke frå Dale garn. "Garnbutikken min";o) hadde sal på nokre garntypar og eg sikra meg tråd til to jakker og ein overdel til ein prinsessekjole.

Klart at eg ville hjelpe til å rydde plass….. Eg let meg lett freiste og mønster og idear har eg nok av!

Heklekanten rundt jakka pynta nett passeleg.


Den første jakka er altså ferdig, toppen til prinsessekjolen er snart klar og jakke nr to kjem nok, om ei stund......;o )

Eg har prøvd jakka i dag og funne ut at den kan passe som heilårsjakke.....;o)

Sola skin, men det er friskt ute og ei lun jakke er tingen;o)

... så eg er klar til det meste......;o)



Gjer dagen din god!

7 kommentarer:

Lilla dør sa...

Du er dyktig......kjempe pen jakke. Så fort alle ting går med deg:) ha ei fine veke fortsatt. Klem lilla dør

GNIST by Gitte Bettina Lauridsen sa...

Ååå så fin! Likte lengden din veldig godt, mye finere enn originalen!! Og litt morsomt - jeg kunne se av bildene at det var Lerke du hadde strikket av :-) Herlig feminin fasong!!!

Ann Tove sa...

Lekker jakke. Frisk og fin farge og nydeleg mønster.

KariL sa...

Nydelig jakke i frisk sommerlig farge. Håper du ikkje får bruk for den så mykje i sommar. Sommarvarmen dei siste dagane har vore ein nytelse. Måtte den bare komme igjen. Så lenge sola skin skal vi no alltids finne ein varm krok :))
Ha gode dager!

KariLklem:)

Anna O.Nilsen sa...

Nydelig jakke i både form og farge.Er imponert over alt du får til å hvor fort det går unna.Ha ei go uka videre.

Tone sa...

Jekken din er bare lekker! :)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjempefin jakke du har strikka! Er nok god å ha i nordavinden:)