tirsdag 22. mai 2012

SOMMAR!!!!



Endeleg kom det sol og varme. Eg nyt dagane i sola og passande handarbeid...;o)

Hagestell blir det lite av, men eg er likevel ute i hagen i sola og nyt kvart minutt;o)

Eg boblar over av godt humør og glede når sommaren er her.

I går var eg heldig å få dele kvelden saman med mange flotte damer. Det er alltid kjekt å besøke naboen og i går var quiltegruppa på besøk hos naboen, Førde quiltelag.

Ein kjekk kveld med ein kjekk aktivitet som styret i gruppa vår hadde laga til.

Den var lekkert pakka inn, med omtanke. Til glede for oss som fekk kvar sin.



MYKJE og GOD mat ordna av laget i Førde og mykje god inspirasjon, latter i hyggeleg selskap. Som de ser mangla det ikkje noko på serveringa. Det smakte fortreffeleg!

Tusen takk til alle dokke som hadde laga maten og aktiviteten. Vi andre kunne berre lene oss til bake, spesielt etter at maten var fortært..... og ta nåla fatt att.

Mange delte og gav oss andre inspirasjon. Flotte tepper, løparar, dukar, mapper m.m. vart vist fram og på bloggen til Førde quiltelag ser de litt av det som vart vist fram.


Handarbeidet mitt i dag var broderi til muffinsane vi starta på i går. Broderia er ferdige og muffinsen kjem her når den er ferdig, eg skal berre prøve ut ein ide eg har......;o)

Dette er modellane som var laga til kvelden i går, lekkert ikkje sant?  og heilt fri for kaloriar.....;o)


Gjer dagen din god!


5 kommentarer:

Edny sine puslerier sa...

Du og du kor fine dei var!! Ønsker deg mange, mange fine sommerdager;)

Unknown sa...

Så koselig med en slik aktivitet. Kjempe fine blir de. deilig mat hadde dere også.

KariL sa...

Vi hadde ein flott tur og mottakinga var det ikkje noko å seie på. Glimrande. Hyggelige og flittige damer som viste oss mange flotte arbeid.

Ha ein god dag!

KariLklem:)

Lilla dør sa...

Såg gildt ut....koseleg aktivitet virka det som. Rekna med at ikkje alle desse muffinsputene var dine?

merete sa...

Veldig koselige kaker!