torsdag 28. juni 2012

Grøn sommarsaum

Det er litt rart, men det lurte seg litt stoff opp i kofferten..... Eg skjønar ikkje heilt kvifor.....;o) Eller det er vel naturleg når eg er på tur.....

Det er kjekt med minner frå turar og finn ein stoffskattar ein ikkje finn heime, tek eg det gjerne med heim.

Denne gangen vart det nokre grøne stoff. Vakre fargar og mønster.




Eg vaska dei med ein gang og plutseleg var eg i gang med kniv, linjal og symaskin.....

Det var kjekt! Eit prosjekt eg har sett meg ut tidlegare i vår vart no prøvd ut.

Saman med lin og andre gule, gulgrøne og grøne stoff frå lageret har blitt ei kjekk korg til heklerier eller anna handarbeid.




Nok eit kjekt mønster;o) Det er to andre str av korgene og eg har god lyst til å prøve meg på dei og.

Det er ein fin kombinasjon av maskin- og handsaum.

Litt handquilting var det og plass til.....





Korga er pynta både med quilting og lauv.

Til og med i botnen er det pynt. Eg quilta
kantane litt ekstra slik at den er litt fastare.

Eg kunne nok brukt ein stødigare vatt og quilta mindre, men denne gangen vart det gjort slik;o).




I korga er eit hekl som eg har pusla med ei stund.

Eg har prøvd meg litt fram og historia om det vil komme etter kvart, når eg blir ferdig med begge vantane.

Men no skal eg hekle litt meir og nyte den fine sommarkvelden. Det gjer godt!



Gjer dagen din god!


8 kommentarer:

Edny sine puslerier sa...

Utruleg fin korg altså!!

GNIST sa...

Så fine og praktiske kurver!!! Ha en fin dag!

Ann Tove sa...

Kjempefin korg. Likar kombinasjon med lin og andre kvalitetar. Ha ein fin dag.

Bente sa...

Fin korg.
Lekre stoff, ikkje rart dei fann vegen til kofferten ;-)

Lilla dør sa...

Kjempe fine korg. Ja er ikkje den boka du henta mønster frå flotte......mykje fint der. Dei hadde ikkje meir av det grønneblomster stoffet:) klem

Hilde sa...

Stilig kurv i flotte stoff. Ha en fin helg

Merete sa...

Superfin korg! Gleder meg til å reise på stoffjakt i ferien :o) Det er gøy!! Ha en flott helg

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjempefin korg du har laga!
Fine stoff! Alltid fristandes å kjøpe litt nytt til stofflageret:)
God helg!