søndag 1. juli 2012

Blomefryd


Turen sist helg gav mykje, som de har sett av dei siste innlegga mine. Meir vil nok komme etter kvart;o)

Det er mykje inspirasjon som skal fordøyast. Noko må prøvast med ein gang og noko er gøymt og skal takast fram når det har modna.... Huff dette høyrdes alvorleg ut.... Ja, ja det er no berre til fryd og glede!


I dag vil eg dele noko av det vi opplevde sist søndag. Temaet er blomar. Vi var på besøk på dette gartneriet og for ei oppleving!!

Berre sjå på kor flott det er rundt parkeringsplassen! (det første biletet....) Ein god start på besøket!



Her var det blomar,fargar, bær og grønsaker for ein kvar smak,

.....tenk å kunne ha noko slikt i sitt nærmiljø......


Då hadde det vore fullt i alle krukker og bed i min hage.....;o) 

Det ville vore vanskelg å velge, så eg hadde plukka med meg mykje.....

Men eg fekk med meg to nydelege blomar heim....

.... av denne sorten.

Det var mange flotte fargar, nyansar og fargespel å velge mellom!

Det gjekk  greitt å ha dei som handbagasje, vi var litt i stuss på om vi fekk dei med oss....;o)



Eg hadde med fotoapparatet og knipsa i veg.

....I flg. Laila var eg både høgt og lavt og kraup nesten rundt....



Ja, ja eg fekk og nokre flotte blinkskot som eg skal bruke seinare.

Sjå kor vakkert den lyser opp!



Eg tenkjer meg at eg skal skive ut nokre av bileta på stoff og lage fine minner og gleder.

Desse motiva kan brukast på mange prosjekt....



Det er ei fryd å kunne vandre rundt i ein slik oase.

Naturen er finurleg og gjev oss mykje vakkert å oppleve å sjå på!

Berre vi tek oss tid til å sjå etter......


Det er så mange flotte blomar og motiv så det er vanskeleg å velje. Difor er det mange bilete i dag.....

Tenk å bruke dette som det er, eller bruke motivet til stitcheri.....

Eg får og vatn i munnen av å sjå på det.....

Eg er sikker på at det smakar vedunderleg......



Ein blir i godt humør av å sjå på alle dei vakre mønstra og fargane.

Det er inspirerande og ein får lyst til å skape noko bruke fargar, mykje fargar!

Desse er berre utruleg vakre!!!


Også på veg ut fekk eg eit nydeleg blinkskot.

Eit vakkert motiv i mine auge.

Det skal i vert fall brukast! Eg har allereie nokre idear.....






Også heime i hagen hos Lilla dør er det eit eldorado av blomar og flotte miljø.

Det var inpirerande å gå på vanding eller berre sitte og lag auga vandre....

Denne blomen var spesielt vakker! Saman med mine nye pulsvarmarar vart det ein fin kombinasjon......



Allereie i starten av turen, i det vi kom ut av ankomsthallen kunne vi la oss overvelde.

Dette var noko med det første vi fekk auga på.


Vakkert!

"overflod" kan og vere vakkert.....


På ein grå og regntung søndag er det kjekt å kunne kikke på desse vakre blomane.



Då kjem inspirasjonen krypande og lysta til å skape noko. Skal tru kva det blir i dag.....;o)

Dette motivet er og henta frå hagen til Lilla dør.

Det er stemingsfult og viser at ein grå og disig dag og er vakker.....



Gjer dagen din god!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Ja du har så rett , der var fantastisk mykje flott på dette gartneriet og så var det kjempebillig .... gle meg til å få sjå alle bilda:)
Klem Laila

Ann Tove sa...

Ååå, her var mange fine blomster. Ingen vanskelegheit å drøyme seg vekk der kan eg tenke meg. Gler meg til å sjå resultatet av planane du har. Ha ein fin dag vidare.

Merete sa...

Vakre blomster! Noe av det flotteste jeg vet er blomster i alle former og fasonger, med alle de små nydelige detaljene i hver blomst :o) Ha en super dag!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Her var det jammen mykje flott å sjå! Nesten farleg å gå inn der for oss som ikkje har eit slikt utvalg til vanleg:)

KariL sa...

Skjønner godt at de har henta mykje inspirasjon er. Nydelige bilder av vakre blomar.

KariLklem:)

Lilla dør sa...

Kjempe fine bilde og flott innlegg:) ja me er kjempe heldige som har fleire flotte gartneri med meir :))). Det var kjempe gildt å ha dokke på besøk. Klem