mandag 2. juli 2012

Mappe til iPad


Eg driv med div. førebuingar til ferietur. Pocket bøker er kjøpt inn, handarbeid er laga klart, i rikelege mengder..... som vanleg.....

Eg kan variere mellom strikk, hekl, handsaum og broderi. Utfordringa kan vere å velje kva eg skal ta med.... Men eg kjem nok i mål med det og.


Eg har og lagt til rette for at iPad'en min kan vere med. Ei ny mappe er sydd, på min måte....

Eg har kosa meg med papir og blyant, stoff og saum. Applikasjon og mønster er mitt eige.

Det er eit prosjekt som skal brukast seinare i sommar. Ugla må vere med, saman med eit sopphus blir det passe barnleg, nett slik eg likar det.



Eg skal nok vidareutvikle det noko, men grunnideen er på plass;o)

Dette stoffet likar eg betre og betre. Det er sommarleg og fint i fargane. Saman med raudt og ein liten "desj" turkis er det blitt "berre lekkert";o)


Dei passar saman iPad'en og mappa.....

No må eg berre lese eg opp og lære meg korleis eg kan blogge frå iPad'en.

Har du tips og slikt, tek eg med glede i mot det som du vil dele med meg.

Tusen takk for alle kommentarar, det er kjekt at du tek deg tid til å skrive nokre ord til meg;o)
Gjer dagen din god!


4 kommentarer:

Anonym sa...

Flott mappe :) Tru kva eg skal bruke mitt slikt stoff til :) God ferie til dokke alle
Klem Laila

Unknown sa...

Stilig mappe! Hvis du finner ut hvordan det er mulig å laste opp bilder til blogger fra iPad, må du gjerne skrive litt om det :o) Har ikke fått det til..

Ha en flott sommer!

LeKaQuilt sa...

Oj så flott ! Sopphus og ugle er bare kjempe fint! Flink du :o)

KariL sa...

Herlige stoffer du har valgt og kombinasjonene og ikkje minst komposisjonen er jo bare stilige.

Ha ein riktig god ferie!

KariLklem:)