tirsdag 26. juni 2012

Sommartur

Turen til Jæren var flott! Det gav mykje ny inspirasjon på mange måtar.

Vi har kosa oss med turar hit og dit. God mat av ein SUPER GOD kokk!! Tusen takk for godt stell, mykje og god inspirasjon og transport hit og dit!!

Inspirasjonen var så mykje. Turar i kjekke butikkar av alle slag som interiør, hobby, garn, stoff, hage, blomar og mykje, mykje meir! Gode kafebesøk....;o)Når to kaffitørste damer er på tur er det heilt nødvendig......

Også hagen og terassen som vi kunne nyte i helga, gav mykje inspirasjon.


Handarbeid vart det og tid til.

Som for eksempel desse tre underfundige....... Fargerike og fine!

Er dei ikkje søte?

Inspirasjonen vart funne på nettet. Utan oppskrift susa vi av garde og resultatet vart bra, det var vi einige om;o)

Vi laga kvar vår i løpet av ein kveld. Vi tenkte å lage fleire, men det var så mykje vi skulle innom, så dei neste må vi lage kvar for oss....

Når vi har laga ein er det lettare å prøve på nytt;o)




Laila og eg fekk og prøve oss på rosene som Kari har hekla tidlegare.

Ho hadde mange flotte variantar.

Laila fresa av garde og laga tre flotte eksemplar. Diverre gløymde eg å ta bilete av dei, så de får nøye dokke med mine.....





Eg susa og av garde og såg ikkje heilt etter kva som var gjort, og laga min eigen vri....

Eg var vel for ivrig i praten og forklarte også om fargelegging av broderi som Kari ville prøve seg på.

Ho bestod med glans!;o)





Eg prøvde på nytt og den neste var etter oppskrifta....

Vel, ingen er like i naturen heller...

Eg konkluderte med at den eine er kome litt lenger enn til knopp-stadiet og den lyse har sprotte heilt ut......;o)





Vi såg mange flotte mønster, nokre vart med heim...

...og eit måtte berre prøvast ut med ein gang.... 

Eg har brukt bomullsgarn frå Søstrene Grene. Nye flotte fargar var kome i hyllene og vi måtte berre......

Eg har meir på gang, men det vil komme seinare.....;o)

Gjer dagen din god!


4 kommentarer:

Edny sine puslerier sa...

Så søte og herlige hekleting! Skikkelig fine!

Ann Tove sa...

Her var mange fine små heklerier. Ser ut til at du har vore på ein kjempetur.

LeKaQuilt sa...

Flotte hekle arbeider! Uglene er jo bare SÅÅÅÅ herlig :o) Digger dem ! Ha fortsatt en fin uke.

KariL sa...

Herlige ugler og skjønne roser. Skjønner at de har kosa dykk og slik skal det være. Stunder å samle på:)

KariLklem:)