lørdag 25. august 2012

Fargekick på ein regntung laurdag...




Det er grått og vått ute, men fargar inne.

Eg har funne fram min fargerike kjole, mi nye yndlingsjakke og
skjerf.

Skjerfet og jakka er kjøpt og laga i sommar. Dei er flittig brukt, ofte kvar for seg, men og saman som i dag.

Fargar er til for å brukast og får meg i godt humør!


Eg har og snopa fargelukke, på snopebutikken.....

Der er det alltid noko kjekt å finne, fine saker og ting og blomar som lyser opp i kvardagen.

Det er både sarte fine fargar og fargekick som her....


Strikket er og fargerikt og mjukt.

Eg trur det blir godt å ha rundt halsen, om litt......

Tråden er fantastisk mjuk og lekker. Farginga er det Ingeborg, Ullrommet, som har gjort. Nett den fargen som eg var på jakt etter.

Handarbeidsposen er og laga i sommar, i glade sommarfargar. Då varer sommaren lenge.....


God fargerik laurdag til deg!


Gjer dagen din god!

 

 

2 kommentarer:

GNIST by Gitte Bettina Lauridsen sa...

Herlig, fargerikt antrekk. Ser for meg lange ullsokker og gummistøvler sammen med dette :-)
Med slike farger varer sommeren lengre, og det skal jo vistnok bli en fargerik høst i motebildet også.
Kos deg i din fine kjole og superlekre jakke!!

Lilla dør sa...

Fantastisk flotte farger! Nydelig !!! Eg og er heilt viss på at fargane virka på oss. Kjekt med farger. Go'e helg . Klem frå Sørlandet /Grimstad her regna det og :)