onsdag 29. august 2012

Nett passeleg!



Det var nett passeleg garn til både pulsvarmerdraumen min og dette fine sjalet/skjerfet)

Nett passeleg på alle måtar....

Eg har ein lite rest att av nøstet eg kjøpte her. Det blir nok brukt til pynt ein gang;o)





Garnet er nydeleg både rundt hals og handledda mine. Det er lett og lunt.

Oppskrifta på sjalet fann eg her.

Eg er ikkje så glad i store trekantsjal, likar best dei som er avrunda.
Dette er heilt perfekt for meg!







 


Etter eg hadde laga pulsvarmarane kom eg på at eg hadde nokre perler som kunne passe til kontrastfargen eg har brukt.

Dei passa perfekt og det var nok perler, med ei lita justering.....;o)


Det var lekkert her i solstrålane som kom fram i det eg skulle fotografere. Dei er vekke no....., men det er gjerne håp om meir sol i dag.


Skjerfet er kome på og eg merkar nesten ikkje at eg har det på, så lett er det. Det varmar nett passeleg og er heilt supert til meg!





Tusen takk til Ingeborg, Ullrommet, som fann garn til meg og som farga det i den rette fargen.

Det kjem til å bli mykje brukt, det kjenner eg;o)

Først skjerfet og seinare i haust kjem pulsvarmarane på.


Gjer dagen din god!

 

3 kommentarer:

Ingeborg Lura sa...

Så flott det blei! Eg er glad fargen vart så vellukka. Håper det varmar godt i vinter.
Ingeborg.

KariL sa...

Nydelig sjald og pulsvarmere i varm og god "Solveig-farge". Perlepynten gjode seg utruleg godt. Heilt enig, liker denne fasongen veldig godt eg òg.

KariLklem:)

Oline sa...

Dette var ein passe str. på sjalet! Har vore inn på linken, men lurer litt på kva sjalet heiter, for der var veldig mange mønster å leite igjennom!