fredag 31. august 2012

På tampen av august....




 

Det er rart å tenke på at vi no er i slutten av august. Sommardagane har gått fort!

Det har vore ein god sommar, med uteliv, sol og varme på ferieturen og vi har hatt mange late, lange dagar ute.





No kjem hausten med mørkare kveldar, levande lys og innesyslar.

Handarbeid har eg heile året, men det blir gjerne litt andre slags handarbeid. Det blir for eksempel strikk i ull i staden for bomull....







Eg har allereie starta med strikk i ull..... Eg fann eit kjekt mønster som eg måtte teste ut.

Eg hadde to nøster som passa og som eg ikkje hadde nokon plan for;o) Det er kjekt med lager....








Det er tøft med fletter i tjukk tråd, strikka på tjukke pinnar..... .... og det kan vere godt med noko varmt rundt halsen når gradene kryp nedover....

Håpar dei fell i smak hos minstegulla.




Eldstegullet har bruk for varme luer, det er kaldt på Vassenden....

Eg har starta på denne, men må nok ein tur for å kjøpe eit nøste til.... Eg strikkar i mjuk merinoull og dobbel tråd, det går for unna!

Kanskje kan eg lokke ho til ei til, i ein god farge.....

Gjer dagen din god!

1 kommentar:

Lilla dør sa...

Jillt men bilde over Florø...får nesten heimlengsl. Heldigvis skal eg tur oppover snart. Fine halsa du har strikka, sikkert jille strikke . Ha ein go"e laurdag.