fredag 17. august 2012

Seinsommar...


Vi har hatt nokre flotte, varme og solrike dagar. Den lenge etterlengta sommarvarmen har endeleg kome.

Dagane har og vore fylte med små og store gjeremål i samband med flyttinga til eldstegullet. Det er ein god del som skal på plass, litt nytt og mest saker og ting vi har frå før.



Eg har fungert som pakkesel, sjåfør og hjelper når ein skal velje.....

I går var vi på tur att, eit lass som skulle på plass. Etter å ha kome inn, og fått kasser og slik inn vart eg sett til å ta mål av vindauger og andre saker som vi med tid og stunder, helst raskast mogeleg, skal sy nytt til.


Det er rart med det, men det er kjekkast å kunne henge opp nye tekstiler, det blir litt meir sitt eige då. Smaken er forskjellig og det er kjekt å kunne ha sin stil når ein skal bu og trivast på ein ny stad.

Jakta på rette stoff, mønster og fargar har starta, men vi fann ikkje det rette i går....





Etter oppmåling var eg berre i vegen, så eg tusla ut i sola. Det er ein flott solkrok rett ved inngangsdøra.

Der var det godt og varmt, eg hadde handarbeid med så medan ting vart sett på plass inne kosa eg meg i sola og pusla med mitt.



Det er flott utsikt frå solkroken så eg trur nok at dei kjem til å trivast både ute og inne.

Eit fint tun og fjella i bakkgrunnen.....


Elles har eg putla med nok ein modell av ugleveska mi,


...denne gangen har eg brodert mønsteret og lagt farge på....


Det er kjekt å prøve ut forskjellige variantar av same mønster og modell....


Denne er i litt andre fargar og stoff.....

Det blir "ei heilt anna "veske med andre stoff og fargar....

Eg får nye idear medan eg syr og denne gangen tenkte eg å sette glidelås i veska.....


Eg har ein plan.......


Ein god kveld på plattingen i godt selskap og god mat har det og blitt tid til. Det er vedunderleg påfyll!!

Og mange slike vakre solnedagangar har vi fått nyte. Det er vakkert når alt blir farga i eit intenst oransje lys.




Det er godt med sommar!


No er det helg og den skal eg bruke saman med kjekke kreative damer og saman med familien.

Måndag er det skule og kvardag att. Det er godt, men i år blir det og veldig rart.... Ein mindre i familien til dagleg, godt er det då med elektroniske hjelpemiddel, då er ein ikkje så langt vekke.....



Gjer dagen din god!


2 kommentarer:

Lilla dør sa...

Lykke til med syhelga. Spennande se bilde frå den etterpå. Go'e helg .

Bestemor Drillo sa...

Tusen takk for gode tanker! Klem!