torsdag 2. august 2012

Smått er flott!

 
 

Eg har kosa meg på syrommet, på tur saman med gode venner og nytt dei siste dagane. Her får de ein liten smakebit og eg startar med de eg har fått til på syrommet;0).

 

 

Først ut er ei nålepute, den var berre så søt at eg kunne ikkje la vere å lage den. Inspirasjonen er frå boka Zakka Style.

Nokre små lappar frå restekassa, ein blondebit, nokre knappar og eit bittelite broderi, og vips......

Baksida er eit hav av roser, det er nok derfor det vart ein fiskeknapp....som pyntar den sida...;0)

 



 

I løpet av sommaren såg eg desse bokmerka, eg måtte prøve meg og mine vart slik.

Kjekke småprosjekt som er enkle å komme i gang med på ein somardag, då ein vil mykje og ikkje heilt veit kvar ein skal starte....

 





Det var litt handsaum på desse prosjekta, og då kom eg på to bokser som eg kunne gjere ferdig. Litt broderi og samansying var det som skulle til.... Desse er og frå boka Zakka Style og no har eg laga heile settet.

 

Eg måtte lage min eigen vri og dermed vart det nokre broderte lauv og nokre teikna med stoppefoten... Då er dei litt meir mine.....

 



Dei var kjekke å lage, dekorative og til ei som har prosjekt i kvar ein krok, er det greitt å putte eit av prosjekta i ein boks....;0) Eg trur ikkje eg er heilt aleine om det.....

 

 

Eg har og snopa ei ny, kjekk bok. Eg har sett denne på fleire bloggar, sett prosjekt frå den og måtte berre....

Det blir nok laga litt frå denne og..... Red HOME av Natalie Bird passar meg og mi interesse for handsaum. Og eg vil prøve meg på noko eg ikkje kan......

Eg er allereie i gang, men det kjem om litt....

 

Og så nok eit vakker utsiktsbilete til slutt, eg håpar de ikkje er lei av dei.... Eg blir nok aldri lei. Eg er heldig som berre kan kaste eit blikk ut vindauget om kveldane og nyte dette. Det blir laaaaaaaange blikk...

 

Gjer dagen din god!

 

3 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjempefine boksar du har laga deg!
Bokmerka var også fine, og eit overkommeleg prosjekt:)

Edny sine puslerier sa...

Så flink du har vore! Desse boksane dine er berre såå fine!!

Moia sa...

Hei på deg,
så morro å se at du har sydd fra boka Zaka style, den har jeg også kjøpt. Det er så mange fine småprosjekter der. Liker fargene du har brukt så godt. God helg. Klemz fra Ann-margret