mandag 20. august 2012

Superhelg!




Det har vore ei innhaldsrik og kjekk helg.

Eg har kosa meg og eg håpar at dei andre som var samla i helga har gjort den same. Det har vore produsert og sydd så det sprutar!


Åtte damer har kasta seg ut i veskesaum.

4 stykke har sydd tepper og 3 har sydd bilete.


Dei tre i styret har varta oss opp etter "alle kunstens regler"!

Det var og syveir..... så det var heilt greitt å vere inne og kose seg med ein kjekk hobby.

Det er endå kjekkare å kunne vere saman og la seg inspirere av kvarandre.


Dagane gjekk fort og plutseleg var vi ved vegs ende.

Vi har kome godt i gang med fleire prosjekt og no er vi i gang med haust sesongen. For mange er det eit opphald  i stundene ved symaskina om sommaren,  og då er det kjekt å kome i gang att med ei slik helg saman.

Diverre fekk eg ikkje teke bilete av dei flotte bileta som vart laga i helga. Tida rakk rett og slett ikkje til....

Kanskje nokon andre har gjort det slik at eg kan vise det fram her ved eit seinare høve......

Det var ein flott gjeng med kreative damer samla og som de ser vart det laga ugler og stripesett i fleng.

Som vanleg er det kjekt å sjå kor forskjellige veskene blir ut frå stoffvalet til den enkelte.

Eg vart inspirert og fekk ny lyst til å sy. Gleder meg til mange kjekke stunder ved symaskina.

 Håpar det vart slik for fleire etter helga.....


Gjer dagen din god!



5 kommentarer:

Anonym sa...

Ja dette var ei super helg , sydde ikkje så mykje eg då men veldig kjekt :)
Klem Laila

Svalen sa...

Slike superhelger er kjekke å få med seg:)
Flotte arbeider:)

Lilla dør sa...

Såg kjempe kjekt ut ....eg skulle ha vert der. Kjekt å se bilde frå helga. Dokke er goé. klem

Ingeborg Lura sa...

Så fine dei var! Ser ut til at det har vært ei fin helg!

Maret sa...

Der var jo veska mi,jo.....

Super helg med supre damer...