lørdag 15. september 2012

Helgekos....




Denne helga har vi storfint besøk!

Vi er ein eksklusiv gjeng som er på haustkurs. Der er Kari/Lilla dør som er kursleiar.

Dette er ein av dei mange flotte modellane vi kan la oss inspirere av denne helga.

Og vi har late oss inspirere.....



Denne dama har dumpa ned og landa litt på tvers. Ho kom i blesten.....

Ho er undervegs og korleis ho blir når ho er ferdig, har eg ein liten ide om. Mykje kan skje undervegs, det blir spennande....

...noko meir har skjedd sidan bilete vart teke.....

I morgon er det ein ny kjekk kursdag og eg håpar eg kan få vise litt av alt det flotte som er blitt laga desse dagane.

......Eg skal spørje fint om lov......;o)


Det er eit ideelt sy/kursver, det striregnar og bles, men inne er det varmt og triveleg.

Det summar både i symaskiner, stemmer, latterkuler og idear.

Du skulle prøve, det er svært givande og inspirerande og kan lett bli vanedannande......

Denne flotte fargefesten står på trappa for å ynskje oss velkommen, inspirasjonen startar allereie der!


Tusen takk for kjekke kommetarar, eg kjem innom dokke over helga og skal kose meg med nye og "gamle" bloggar!


Gjer dagen din god!

 

5 kommentarer:

Maret sa...

Så flott.... no er eg klar til å springe på kurs att, mellom regnbyene.
Vi snakkast...

Ann Tove sa...

Dette må vere kjempekjekt å vere med på. Ein gong må eg komme meg på eit slikt kurs. Hadde store kreative forhåpningar sjølv til denne frihelga, men har for det meste lagt på sofaen i skikkeleg forkjølelse.Jaja, får ta det igjen, det er ingenting som hastar likavel. Ha ein fin dag på kurs.

Anonym sa...

Kjekt at du koser deg på kurs (saman med mammaen min, igjen, ser eg.. hehe) Den løperen blir kjempefin!

Ha ein fin søndag (her er fårikålen på kok)!

Svalen sa...

Det var så kjekt å få være med på kurset hos dere:)
Håper vi sees igjen, dere får fortsette turplanene.

Trines hobby sa...

Så fin blogg du har! Eg legg meg som følger:) Ser du og har vore på kurs i helga, det er sååå kjekt med ny inspirasjon ikkje sant?? Artig med støvler og papaply motiv, det har passa godt her heilt sidan snøen for (og no kjem den snart igjen)