søndag 2. september 2012

Partytime


I morgon blir mellomstegullet 11 år. Det har blitt feira med ein god gjeng med venninner i helga.

Eldstegullet har som vanleg stått for kakebakinga. Ho er ein meister og jubilanten fekk velje nett kva ho ville ha.

Det var høg sjokoladefaktor......

...... to typar muffins......

.... og sjokoladekake i lange baner.... eller i fleire høgder.....

Eg sto for pizza og det som elles skal til for å få ei god feiring.

Litt pynt, ho sjølv visste ikkje kva ho ville ha.... Levande lys og blomar er no aldri feil....;o)

Dei er blitt så store no at ein ikkje treng å aktivisere dei med leikar og slikt. Det blir fort flaut med for mykje innblanding frå dei vaksne...;o)

Ein god jentefilm og snacks etter maten var det som skulle til for å gje jubilanten den feiringa ho ville ha.

Elles har helga blitt brukt til lue strikk.

Turen for å kjøpe meir garn enda i utprøving av ein nytt garn. Det var kome i butikken dagen før eg tok turen innom.

Hexa heiter det og er utruleg mjukt!! Det må rett og slett opplevast..... Det kjem frå Du Store Alpakka.


Eg laga min eigen variant/oppskrift på lue i relieffmønster og flettestrikk.

Etter vask vart tråden endå meir spennande. Eg likar den og kjem nok til å lage meir av denne.

Eg har eit halvt nøste att, og har planar om meir strikk. Eg må nok kjøpe eit nøste til, og kven veit kva eg då kjem heim med.....

Det er ikkje godt å vite, for det er mykje som freistar i butikken.....

Gjer dagen din god!

 

4 kommentarer:

Lilla dør sa...

Ser ut som du har hatt ei jille helg:). Spennande å prøve nytt garn. Her går det i skappelgenser. når eg ikkje syr på maskina.

LeKaQuilt sa...

Vell overstått helgen feiring. Den sjokoladekaken skulle jeg gjerne satt tenna...mmmm....ser virkelig flott ut! Koselig lue du har strikket :o)

Maret sa...

Vel overstått bursdag i heimen..

legg deg til på blogglista mi, håpar du synes det er ok..

Elisabeth sa...

Bursdager er stas! Om en er ung eller midt i livet. Har akkurat rundet "bøya" sjøl.

Det Hexa garnet er jeg nysgjerrig på. En kollega holder på en genser i garnet. Aldeles bløtt og lett. Hm, tenke tenke...

Nydelig helg ønskes deg her sørfra.