søndag 3. februar 2013

Fargerik

Mesteparten av Januar har vore kald og solrik. Det har vore lyst og vakkert og den har forsvunne i racerfart.....

Dei siste dagane har vore grå med regn, sludd og snø. I varierande rekkefølge....

 

Då er det kjekt å kunne ha fargar rundt seg. Vakre blomar, strikkegarn og stoff med varierande fargar og mønster. Då gløymer ein det grå ute.

Eg har hatt mange jern i elden. Kostymesaum har bydd på leopardar, fuglar, sjiraff og elefant. Det er utfordrande, kjekt og lærerikt, då det ikkje er mønster å følgje.....

 

Strikk blir det og tid til, dei er som vanleg fargerike. Det er sikksakkstriper, denne gangen i ei lue. Den er i Nepal frå garnstudio. Utan mønster, men med ein ide om korleis eg vil den skal vere.

 

Tofarga tøfler som Bente har laga tidlegare. Eg har leika meg med forskjellige garntypar og fått barnestr i tillegg til damestr. som i mønsteret. Eg har og laga ein tova variant som er i herrestr. Der er kjekt å leike seg med mønster;0) og berre bruke forskjellig garn for å variere str.

Pusen er ofte på fanget når eg strikkar, det er kos! Han er og like glad i ulltråd som eg er..... Eg finn nøster etter han rett som det er.... Tek vi han på fersken, brukar han å knurre og frese til oss....;0)

 

Eg har og gjort ferdig pulsvarmarar, einsfarga denne gangen. Men fargerike likevel.... Det er godt å ha på seg. Eg brukar slike omtrent kvar dag og då er det kjet å kunne variere.....;0)

 

 

Gjer dagen din god!

 

9 kommentarer:

Anonym sa...

Åh, så mykje lekkert!! :D

Kanskje eg skal spandere på meg ein vakker blome ein dag. Får ta det etter neste helg, så kan eg hente med meg ein vase heimefrå (JA, EG KJEM TIL HELGA!!)

Gi pusen ein kos frå meg, og du får ein du òg i same slengen! :)

Anonym sa...

PS: er pulsvantane i Lerke? Kor har du funne mønsteret? :)

SOLSAUM sa...

Takk for kosen! ;0)

Så kjekt at du kjem opp i helga! Kanskje det kan bli ei samling då....

Ja, pulsvantar er i Lerke og oppskrifta er her;0)

http://felisistrikker.blogs.no/2010/08/03/pulsvarmere-oppskrift-9104224/

Solklem

Anonym sa...

Takk, takk! :)

KariL sa...

Fargar treng vi alltid og ikkje minst på vinteren. Strikketøy er kjekt og ikkje minst med gode fargar. Dei pulsarene var lekre.

KariLklem:)

Lilla dør sa...

Her var det fargerikt og flott. Mykje fint du lager som vanleg. Me treng denne farge inspirasjonen...... Det gleder meg kvar gong eg ser kvardagsgleder har lagt inn nytt innlegg på bloggen. Det gir inspirasjon. Takk. klem

Maret sa...

Kjekt å sjå at du er i gang, både ved symaskina og strikkepinnane..

Svalen sa...

Så mye flotte ting du har laget, og farger trenger vi nå i vinterhalvåret!

Anonym sa...

Eg saknar deg!