lørdag 13. april 2013

Utfordringar....

Alle opplever vi vel utfordringar av forskjellige slag... Nokre er svært positive, andre er verre "å svelge" . Nokre opplever vi som uoverkommelege, og vi strever med å komme i gang og gjennomføre dei. Som oftast kjem vi styrka gjennom oppgåva og har erfaringar som er verdt å ta med seg.

 

Andre gangar er det grådig kjekt å gå i gang og ein har glede gjennom heile prosessen. Og ein får gode erfaringar til seinare. Som oftast er det nok innstillinga vi sjølv har til oppgåva som er avgjerande. Nokre gangar går det meste i racerfart, andre gangar må ein bruke lang tid og la ting modne undervegs.

 

No er eg "langt ute på viddene" og eg kvar eg skulle med dette, vel det veit eg vel nesten ikkje.... ;0) men eg får prøve å nøste tilbake.... Eg tenkjer nok på kreative oppgåver eg har fått i det siste. Ein bunadsvest som eg no berre må i gang med.... Som må bli ferdig til starten av mai....

Ein kjole som er blitt til over lang tid og som eg har gleda meg over å lage og som eg håpar vil bli teke vel i mot av den som skal ha den.

 

Div. strikkeprosjekt som ein seier ja til, og som eg nok ikkje hadde laga om eg ikkje hadde fått spørsmål frå andre om å lage. Som f.eks genser til ein liten firbeint venn......

 

Som oftast har eg pusen med meg når eg held på. Enten på fanget med strikkepinnane farleg nær øyrer, auga eller snute, og som av og til ikkje greier å halde seg frå å fange tråden....

....... som studerer symaskina når den er i bruk, då må han som oftast ned, då eg er redd potane kan komme for nære nåla... Eller som her, prøver om stoffet er godt nok.....

 

Det er kjekt å ha ein pus som likar å vere med på det som skjer. Spesielt kjekt er det når nokon er ute i hagen, då blir han yr og glad. Hoppar og sprett og vil vere med på leiken...;0)

 

Gjer dagen din god!

 

5 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Mange fine prosjekt på gong hos deg:) No når regnet kjem vert det vel lettare å vere inne og få gjort noko der...
God helg!

Gudrun sa...

Du gör så fina saker.
Katten är härlig, min ligger också så och vill gärna dra ur tråden ur symaskinen.
kram Gudrun

Anonym sa...

Kjolen er nydeleg!!! :D Og pusen og ;)

Når du har lyst, så kan du begynne på ein til meg og.. hehe.. Ut frå den DU ser meg som.. Det kan bli interessant, det.. ;)

Godklem!!

Lilla dør sa...

Her var det mange KREATIVE GLEDER. Den kjolen såg veldig spennande ut. Goé dag vider. klem

KariL sa...

Kreativitet blomsterer hos deg. Nydelig kjole og den firbente blir stilig i Marius.
Herlig kosepus du har.
Ha ein god dag!

KariLklem:)