Eg har nok ein gang leika meg med fargar, mønster, stoff og tråd;o)
Det er kjekt å kunne leike slik å få eit unikt og fargerikt plagg. Ein fargeklatt som gjev energi.
Denne gangen har eg brukt stoff som eg fann sist sommar.
Diverre vart biletet noko mørkt, då dagane har vore grå og regntunge, men fargane lyser opp!
Dei turkisestoffa kjøpte eg da vi var på Moldejazz og det gul/grøne fann eg i Aarhus. Da eg kom heim såg eg at det passa perfekt saman, eit lykketreff;o)
Ein topp i bomull og blondestrikk og vips har eg ein fin vår/sommarkjole. Eg er klar så våren kan berre komme!
Eg klarte ikkje å vente på våren så den vart brukt i Bergen sist helg....;o)
Ein lomme er kjekk både som pynt og praktisk plass til mobilen...;o)
I Bergen fann eg desse vakre stoffa og ein mal, så eg er snart klar for (endå litt meir....;o)) handsaum. Duse fargar for ein gang skuld.
Eg har eit anna prosjekt som eigentleg er øvst på lista mi, men det spørs om eg klarar å vente........
På bloggforumet fekk eg denne. Den er eksklusiv... Dei som tok utfordringa til NQF fekk den.
Det var kjekt å sjå damene bak diverse bloggar som eg er innom.
Det er mange inspirerande bloggar, og eg håpar at lista over bloggarane kjem på nettsida slik at vi kan stikke innom dei forskjellige bloggane.
Det var synd at tida som var sett av var kort, men håpet er at det vil verte fleire slike fora og at vi kan dra nytte av kvarandre og bloggen til NQF.
Gjer dagen din god!

