søndag 24. mai 2009

Finstas;.)

I år kom eg til at eg ikkje vil utfordre ryggen min med å bruke bunad.

Ein nordfjordbunad har ganske mange meter ullstoff i stakken. Vanlegvis er eg sliten i ryggen etter å ha brukt bunaden ein dag, så eg valde å ikkje bruke den 17. mai og i konfirmasjonen. Eg måtte finne noko anna eg kunne gå med.

Eg såg i skåpet var det jammen tomt.......;.) men eg hadde ein meter med silke liggande i yndlingsfargen.


Eg bladde i blad og surfa på nettet, men fann ikkje det eg var ute etter.






Eg hadde nett strikka meg ei jakke i Lin frå Garnstudio og hadde to nøster att, samt Cotton Viscose som eg bruker til jakka mi...



Eg fann to heklebord eg likte og det vart toppen. Deretter var det berre å klippe, legge legg og sy kjole......
...... og eg er klar til konfirmasjon og 50 årsdag.
Saman med den nye jakka i lin er eg klar for det meste!

2 kommentarer:

KariL sa...

Truseposane var kjempefine. Eg må nok prøve meg eg og. Du er så kreativ med klær, kor tar du det frå?

SOLSAUM sa...

Det er så mykje eg skal ha ut, ut av hovudet;.) og så mange ting eg vil prøve. Eg har stor glede av å skape noko som er "mitt", men kor det kjem frå, sei det.... ;.)