tirsdag 4. august 2009

Engler

Det har vore nok ein strålande sommardag. Det er godt å kunne nyte den i langsamt tempo;.), også å kunne rusle ein tur i skogen og la tankane flyge. Det er og godt å kunne legge seg nedpå når det er nødvendig, men eg kunne og godt tenke meg å vere på jobb att. Eller kunne bestemme kva eg skal gjere, sleppe å ta omsyn til kva ryggen kan klare..... og det skal eg nok gjere, snart! ;.)




Medan eg ventar har eg i dag teikna englar;.) Eg har sydd den første. Eg vil ha mange englar strødd over mi nye veske. Med gode visdomsord som ein godt kan stoppe opp å tenkje over i kvardagen!
Mønsteret til englane har eg funne her og eg har fått lov å bruke dei.




Eg har og sydd denne, den skal eg fylle med kubbelys og gje til ei som har hjelpt oss i sommar.


No har eg lyst på ein liten tur i skogen før eg skal sette meg på altanen, kveikje lys og nyte den fine augustkvelden.

Det må du og gjere! (nyte kvelden altså;.)......

2 kommentarer:

Wenche sa...

Takk for kommentar på bloggen min.
Du har en flott blogg....artig å se så mange bilde frå Florø....har litt slekt der, er halvt sunnfjording ;-)

Merete sa...

Flott engel,og kurven er stilig, flott gave og gi bort!