onsdag 12. august 2009

Ha ein fin dag!




Eldste jentene og eg var heldige! Vi kom oss ut på tur før regnet bøtta ned att.... Vi vart nesten ferdig med turen langs Litlevatnet regnet starta att.
Vi hadde nokre få ærend og på den runda vart vi ganske våte, og då var det godt å komme heim til ein kopp varm te.



Eg kan då med godt samvit rigge meg til på syrommet etter ei lita runde med rydding og førefallande! vask i huset..... Det er fint å vite at noko kjekt ventar etter mindre kjekke oppgåver;.), men med lydbok eller god musikk på går det meste som ein leik;9.


Laurdag var eg å handla gåver og då kom eg over desse fine serviettane.
Eg greidde ikkje å gå forbi dei..... og eg likar sauen så godt at eg måtte lage den....

Eg kjem nok til å ha den på andre ting også, den er brukande til mykje.....




Dette bildet har vi gitt til avdelinga som minstejenta har vore på i nokre år. Ho skal no over i ei anna gruppe dette siste året før skulen, og vi ville gje ei lita takk-for-meg-gåve.
Ho skal berre over i eit anna bygg så ho kjem til å vere med både ungane og personalet framleis, men det er no kjekt å kunne seie takk for meg og dei fine dagane eg har hatt her saman med dokke.
Ha ein fin dag, det skal eg ha;.)

1 kommentar:

Bente sa...

Så koselig den var :-)
Ein finn mange fine motiv på servietter, det du har funne var veldig fint.
Ha ein fortsatt fin dag :-)