tirsdag 15. september 2009

Vegen vidare;.)


I dag kl 8 var eg på møte med NAV Trygd, arbeidsgjevar, lege og manuell terapeut. Eg er imponert av min nærmaste leiar som hadde køyrt frå Hafslo i Sogn til Florø denne morgonen for å vere med på møtet. Møtet var konstruktivt og godt.
Eg er heldig om har ein arbeidsgjevar som er villig til å la meg prøve meg i jobb att med det lave funksjonsnivået som eg har no. Dei kan ikkje rekne med at eg kan vere på arbeid lenger enn 1-1,5 time pr dag, så det er ikkje mykje eg kan bidra med i starten.
Vidare vil lege og manuell terapeut søke om opphald på Hauglandssenteret. Det er for at eg skal få hjelp og teknikkar til å kunne lære å leve med ein rygg som til tider kan "sette meg ut av spel." Det er godt å ha aktørar som er villige til å hjelpe meg til å ha ein god kvardag. Det gjev meg tryggleik i ein periode som har vore prega av smerter, optimisme, tilbakesteg, for så å hente meg inn att. Eg er og heldig som har fått mykje glede og støtte frå familie og venner samt ein god dose kreativ glede i kvardagen. Så i dag er det ein god dag!
Ein god dag til deg og, eg deler gjerne;.)!

2 kommentarer:

Bente sa...

Det er ikkje godt når ryggen sviktar, det er den som held oss oppe. Men det høres positivt ut dette her :-)
Lykke til, og god bedring :-)

Laila sa...

Godt at du ikkje har mista motet undervegs. Lukke til og god betring.