fredag 16. oktober 2009

Det blir ikkje alltid som ein har tenkt.....



... men det blir som oftast bra;o) Eg skulle fargelegge/male meir med paintstiks, men det vart ikkje slik. Eg måtte ligge litt meir på sofaen enn eg hadde planlagt, og heldigvis har eg handarbeid for alle stillingar....;.) Eg blir ikkje arbeidslaus og alt handarbeid er kjekt å drive på med. Det gjorde til at eg då vart ferdig med jakka til systera mi, den er overlevert og "satt som ei skudd" Det var eit kjekt arbeid og det er kjekt når resultatet blir godt motteke;o)



Jakka var i blondestrikk og perlestrikk og er strikka med ein tråd silke-tweed blå nr 5 og ein tråd kid-silk svart nr 02. Begge frå Garnstudio. Dette gav ei lett og mjuk jakke.

Dette blide viser kor fint kanten øvst ved kragen legg seg ved å bruke blondemønsteret og krage i perlestrikk. Den legg seg veldig fint ved halsen/nakken når ho har jakka på.




Eg fekk også ferdig sy-mappa som vi har hatt som tema på quiltemøtene i det siste. Her er det eit linstoff med stitchery kombinert med balistoff. Her har eg verkeleg leika meg med fargane og brukt sterke, fine fargar.




I morgon skal Kreativiteten på tur til Kalvåg. Kreativiteten er 5 år i år og det skal feirast med jentetur. Vi skal snope i alle dei fine butikkane som er der og så skal vi lære nytt av Pamela Dunbar Nødset. Og så skal vi nyte god mat på Knutholmen. Det blir ein flott dag!

Ha ei god helg!

2 kommentarer:

Karen Klarbæk sa...

Tak for kommentar på min blog. Og sikke skønne ting du har i gang. Dejligt at se.

Karen

KariL sa...

Flott jakke, det går unna. Jeg har glemt å sy ferdig nålebrevet. Ditt var lekkert. Ønsker dere en kreativ, innholdsrikgod og posetiv tur.