torsdag 17. desember 2009

mmmm, kos og overflod!

Det er travle tider desse dagane fram mot jul, men mykje av det som vi er med på er kos!! Juleavslutningar på aktivitetar, på skule og barnehage, konsertar, julespel, ....... Det er kjekke stunder og det er godt når ein kan vere med på dei å samle gode minner og stunder. Det kan verte travle dagar når det skal puttast inn mellom alt det andre, MEN eg ville ikkje vere det forutan! ;O)

Det gjer at det blir mindre innlegg på bloggen, men her kjem litt av det vi har gjort og skal gjere....

Jentene har pynta pepperkakehus, overfods-hus..... men det er kjekt å sjå det på kjøkkenbenken og jentene kosa seg og putta mykje på huset og noko i munnen medan dei dreiv på;o) og det duftar førjulstid! når eg er i nærleiken....







Eg hadde ei koseleg kveldsstund saman med tre venninner, som de ser er symaskin, strikkepinnar og bøker til inspirasjon i bruk! Gløgg, julebakst, god prat, inspirasjon og mykje latter er godt påfyll som eg gjerne prioriterer!


Juletrefest på skulen først ei kjekk stund saman med klassen til mellomste med julebrus, kaffi og julebakst god prat.... treng eg å seie meir.... Nok ei god stund. Deretter kunne vi benke oss å sjå juleevangeliet dramatisert av 5. klasse, vidare kunne vi sjå korleis nissefamilien har det på veslejulaftan med besøk av pepperkaker, troll, onkel nisse og musene som syng nattsang til nissebarna. Det var 6. kl og dei eldste barna i barnehagen som hadde øvd inn og vi foreldra sat med klump i halsen å såg på. Minstejenta vår spelte mus og song og strålte! Det var lett å la seg glede og få julestemning....

Det som no blir laga er julegåver. Eg har som vanleg mange prosjekt på gang, samtidig.... Noko av det som er ferdig er dette nydelege, luftige og lette sjalet som eg har hekla av Kid Silk frå Garnstudio og som varmar godt! Håpar det fell i smak hos mottakar.

I dag er det fridag, først skal eg har ei stund med symaskina, så litt julelunch på jobb. Det kan eg ikkje la gå forbi meg, nam, nam... ;o) så heim att til symaskina og ein strekk på sofaen… før vi skal nyte ein konsert med ungdomsskulen og eldstejenta i felleskoret. Etter det tenkjer eg at det blir sofa, heklekroken eller strikkepinnane.

Å, eg er heldig som kan få vere med på alt dette!

Ha ein god dag, du og !

1 kommentar:

LeKaQuilt sa...

Jeg ønsker deg fortsatt en riktig fin adventstid. Selv med stress og mas, så er dette en flott tid. Kjekt å se at du tar deg tid til å stoppe opp og nyte stundene :o)