mandag 4. januar 2010

Se min kjole.....

Så er kvardagen i gang att og eg måtte kapitulere og vere heime. Nok ein gang er det ryggen som ikkje er så grei. Vel, eg må rett og slett bruke det vesle eg har av overskot til å gå tur, slik at eg kan mjuke opp musklane og prøve å få kroppen til å samarbeide med meg att. Det skal nok gå bra, det tek berre litt tid.....
Då blir det å pusle heime og legge seg flat når det trengs mellom turane ute.

Men eg kan no glede meg over at stunda på syrommet i går resulterte i at eg fekk kjolen min ferdig. Toppen strikka eg på medan eg var på Haugland. Skjørtet klipte eg ut og så kom eg ikkje lenger....;o) Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves...;o)

Eg har brukt det fine ullstoffet som eg kjøpte i Ribe i sommar. Er det ikkje nydeleg???? Eg har fått meg ein ny favoritt!

Den turkise tråden til overdelen kjøpte eg då Kreativiteten hadde jubileumstur til Kalvåg og dei lilla  og brune nyansane som er i broderiet på stoffet ville eg og ha på overdelen og tråd til det fann eg på den lokale garnbutikken som er flittig brukt av meg;o)

Eg er så glad for at eg kan klare å få til det eg "ser føre meg" i tankane mine.

Eg lurte på om eg skulle ha ein hekla kant nedst på skjørtet, men har, etter mykje fram og tilbake, prøving av kjolen, og sove på det, kome til at den kanten kan eg bruke på ein anna kjole..... ;o)



I Florø har vi i løpet av natta og morgontimane fått enda litt meir snø og slik ser det ut frå stoveglaset. Sola sine rosa strålar legg seg på dei snøkledde fjella, medan snøkaven ligg tjukk i nord mot Kalvåg. Nydeleg fargespel! Og no medan eg har skrive ferdig dette innlegget har sola forsvunne og snøkaven vunne....

Ha ein fin vinterdag!

2 kommentarer:

merete sa...

Nydelig kjole, da!
En god dag til deg selvom ryggen okker seg. Vet hvordan det er med hjemmetjeneste og sofatider ;-)

Laila sa...

Kjolen var kjempeflott. Eg er imponert over alle som syr klær til seg sjølve.