søndag 21. februar 2010

Helgehygge

Helga har bydd på mange gode opplevingar. Vi fekk vere med å feire bursdag til eldste "faste-ungen" min. Dvs. eldste jenta til eine broren min var 16 år i veka som var. Laurdag inviterte dei til selskap og det kunne vi då få vere med på. Det vart ein fin tur i sol, kvit snø og vinterkulde. Eg var svært glad for å kunne "sitte-ligge" i ein varm og god bil då termometeret viste -17 grader. Eg gløymde heilt å ta bilder, men slik er det av og til. Eg tenkte eg kunne vise ei vakker rose, den er det mamma som har målt, på ein klehenger, vakker..;o) 


Eg fekk og gitt mamma ei forseinka morsdagsgåve. Eg har sydd ein liten pose som f.eks. kan brukast når ein skal på tur, småklede/underklede ol. som lett forsvinn i kofferten kan ein putte i den, og då er dei lette å finne att. Eg veit at mamma likar godt desse yndige småjentebilda, så då måtte eg berre ha eit slikt på posen.

Dagen i dag vart og ein god dag ein tur innom dei som var på kurset. Eg fekk sjå kva dei har fått til i helga. Det er, som alltid, kjekt å sjå kor forskjellig resultata blir sjølv om utgangspunktet er likt. Ein av dei tinga eg set stor pris på ved kurs, er å sjå dei mange forskjellige uttrykka og for meg nye variantartar og fargebruk. Det gjev inspirasjon til nye arbeid;o)

Dette teppet var temaet på kurset og eg var så heldig å få kompendiet og lovnad på å få vere med når Laila og Unni skal sy ferdig sine prosjekt. Då kan dei lære meg tips og triks som dei fekk med seg i helga. Det gleder eg meg til;o) Skal tru kva fargar eg skal sy i......

Pausa på sofaen nytta eg til å lese i kompenidet;o), tenkt på fargar og gledar meg til å starte med det om litt.
Så kunne eg innta kjøkkenet for å lage foccacia, marinere scampi og kylling. Smakane i familien er forskjellig og når vi har råvarer og tid til å lage det til, gjer eg det gjerne.

No er det sofa, strikk og OL som skal nytast. Fjernsynsstrikket er framleis Folklore-strikk. Eg er kome til nederste del på bolen  og gledar meg til eg kan ta den i bruk. Det blir ein fargeklatt;o)
Ha ein god kveld!

1 kommentar:

KariL sa...

Ser ut for at du har hatt ei god helg. Så fine ting du viser fram. Var innom og såg på Folklore-strikk, og det så nydelig ut. Sjølv har jeg fått prøve korleis det er å måtte bruke mykje av helga i horonsontal stilling. Dette veit du mykje meir om enn....

Ha ei god veke!