fredag 12. februar 2010

Småsaker.


På veg til barnehagen i dag, fekk minstegullet auge på desse flotte skyene. Vi måtte sjølvsagt ta bilete av dei og nyte dei ei stund;o)

Vi fekk ei fantastisk stund på framsyninga i går, 300 forventningsfulle ungar saman med alle dei vaksne på skulen. Allereie frå første songen var tårene på plass i augekroken, klumpen i halsen og smilet om munnen min. Det var fantastisk å sjå og høyre alle, så mange flotte solistar og dansarar. Strålane ungar!!!

Denne har eg no fått ferdig og kan ta den i bruk til, ja småting.... då veit eg gjerne kvar dei er..... Eg likar godt fargane, og vesker kan eg nok ikkje få nok av.....;o)


No er det snart helgestart og OL, det ser nok mannen meir fram til enn eg...., men litt skal eg få med meg. Eg kan utstyre meg med handsaum eller strikk, eller hekl eller....

God fredagskveld!

1 kommentar:

KariL sa...

Så smart å lage ei slik veske, småsaker er ikke lett å holde styr på. Eg og likar fargane dine, men det er ikkje noko nytt.

Øsnker deg ei strålande helg :o)