mandag 19. juli 2010

Vesker i lange baner....

Eg har visst noko eg lagar meir av enn andre saker..... vesker, og her er ei røys som eg har laga sist veke. Dei er no sirleg merka og prisa og sett att heime hos mamma. Dei skal vere med på messa på friluftshelga i Hyen i helga som kjem.

Her er handlenett laga av voksduk slik at det er vantett. Det kan vere ein fordel.......

Søte vesker til småjenter, det var kjekt å kunne bruke fine, mønstrete stoff til desse veskene.
Eg kjem nok til å lage fleire for det var moro å sette saman stoff og fargar....

Denne måtte eg berre lage for eg hadde funne endå eit mønster som eg ville prøve ut.....
(Eg huskar ikkje kvar eg fann det, men når eg finn det att skal eg legge ut linken)

Eldstegullet har og varer for sal, det er maskemarkørar og ringar av perler og nokre poser med sjokoladeknask. Ringane er som denne

Har du ingen planar den helga, kan du legge turen til Hyen og alle opplevingane dei har der.

Vi vaskar klede og pakkar i dag. Ferieturen skal gå til Stockholm. Det skal bli kjekt! Vi håpar på solrike, fine dagar og skal gjere byen utrygg! saman med søstera mi og hennar familie

Ha gode dagar!

4 kommentarer:

Laila L S sa...

Handlenett i voksduk høres smart ut. Og ringen eldstegullet har laget er lekker, men må nok bare brukes når man ikke skal gjøre noe vil jeg tro ;)
Jeg tror jeg har linken til mønsteret du ikke husker hvor du fant (det kann jo skje noen og enhver innimellom, hehe). Sjekk her:
http://noodleheads.blogspot.com/2010/04/gathered-clutch-tutorial.html
God tur til Stockholm!

Bente sa...

Flotte handlenett og vesker.
Ringen var lekker.

Ha ein flott ferie,med sol og varme :-)

Min Quilte krok sa...

Flotte vesker:-)mm
Ha en fin og kreativ sommer

Liv Nora sa...

kjempefine vesker, - her har det gått unna skjønner jeg ! Flott arbeid.