
Inne i butikken vart vi møtt av tråd frå Garnstudio og Marks & Kattens blant anna. Vi snopa litt, som biletet viser. For min del vil det bli to sjal og pulsvarmarar.

Det vi konkluderte med i medan vi vandre i gatene denne dagaen, var at vi i Florø er UTRULEG heldige som har eit så stort utval i vår lokale trådbutikk! Og det er lett å gå forbi den tråden som vi veit er heime, vi drassar ikkje rund på den, når vi berre kan stikke inn til by'n og finne den;o)

I går kom plutseleg! sommaren så eg nytta høvet til lydbok og strikk i solstolen.
Om kvelden kunne eg nok ein gang nyte denne utsikta! Åhhh det gjer så godt å kvile auga på dette!
I dag ser det ut som om det blir ein ny dag med solskin, men eg vil innom syrommet før eg tek turen ut i sola!
Ha ein god sommardag!
1 kommentar:
Ja, det vart nokre flotte dagar no. Kanskje fordi eg endeleg har begynt på ferie ???? MEN eg såg ein stor gåseflokk på veg mot sør i går, og vi veit dessverre kva det betyr..... Kos deg i sola.
Legg inn en kommentar