lørdag 4. september 2010

Travle, gode, solfylte haustdagar..

Det har vore travle og kjekke dagar. Eg har fått vore saman med gode, kjekke damer på Kreativiteten. Vi starta opp att etter sommaren denne veka. Det skal bli mange kjekke aktivitetar framover hausten;o)

Eg har og fått vore saman med dei kjekke medlemmane i koret som eg har hatt pause frå i lang tid. Håpar at ryggen no vil spele på lag med meg slik at eg kan vere med att.

Eg har fått prøve forskjellige teknikkar på forskjellige symaskiner då Pfaff og Husqvarna hadde demostrasjonskveld. Spennande å prøve broderimaskin og lære nye tips.  Dette kan bli ei lita mappe til småting, det får eg aldri nok av....

Eg har fått endå meir inspirasjon frå to damer med svennebrev i kjole og draktsaum. Den eine ser søstera mi som eg ofte får inspirasjon og tips frå....;o) Den andre har systove heime og har MANGE vakre stoff til klede for sal......
Sjølvsagt kom eg ikkje tomhendt frå ho.....
Eg er priviligert som får vere saman med kreative jenter, og får mange gode idear når ein er saman og tankar og idear spinne.....  

Sist, men ikkje minst har vi feira mellomstegullet som vart ni år i går. Ho har venta og venta på denne dagen. Og under kveldsmaten i går var det ei smilande jente som kunne fortelje at dagen var blitt akkurat slik ho hadde håpa på... Først på dagen hadde klassa hennar framsyning for dei andre klassene i småskulen der ho fekk spele piano for dei. Etterpå var det heim til leik saman med venninner før vi hadde jenteselskap. Ho sovna omtrent før hovudet var på puta....

Inn mellom alt dette har eg hatt nokre stunder på syrommet. Det har blitt nokre strikkepinnemapper.....











......og veska over til bursdagsbarnet. Det er eit samarbeid mellom eldstejenta og meg.
Ho hadde ideen og teikna ei rask skisse. Eg fann stoff frå lageret, og så eit kjøkkenhandkle til fôr, fordi det passa så godt i fargen..... og så vart det ei veske til TOP Model teiknebøkene som er "in" no.

Eg har og kome godt i gang med englane eg skal brodere. Til no er det tre som er ferdige og ein halvferdig.
No er det Popquiz, kaffi og broderi. Då vil eg nok verte ferdig med den fjerde....

God helg!

2 kommentarer:

Laila sa...

Fine ting du har produsert i det siste. Popquiz er eit "must" laurdagsføremiddagane, ja :)))

Ann Tove sa...

Her går det unna, og mykje flott har du laga.
Det er kjekt å vere ilag med fleire som har samme hobby. Er både moro og inspirerande.