tirsdag 9. november 2010

Lys og sånt......


mmmmm..... Eg blir aldri trøytt av denne utsikta og dei vakre fargane, lyset og skyene eg kan nyte om morgonane... difor kjem det slike bilete igjen og igjen....;o)
Vakkert lys har det og blitt i gangen vår!
Mannen har vore heime i dag og då vart desse flotte lampene montert. Eg likar dei betre og betre og når eg står under dei, slik som her, er det eit vakkert mønster. Jau, han er dyktig min kjære!

I helga var eg saman med koret som eg syng i. Vi skulle øve til turnéen vi skal ha saman med Ytre Suløens Jassensemble.
Eg satsar friskt! og håpar eg får med meg nokre av konsertane. Eg kryssar fingrane og håpar at ryggen er med på det.
Det siste året har eg diverre ikkje kunne vere med dei, difor var det ekstra kjekt å kunne vere med å synge heile helga. Eg sang sittande, gåande, stråande og nokre pauser vart liggande.... og no er det julesangar eg nynnar på...;o)


Når koret har konsertar går alle i svarte klede, det er det ikkje så mykje av i mitt kleskåp.... Difor har eg tumla med nokre idear til svart kjolar/tunika..... Det var eit hendigt arbeid å ha med i helga. Greitt å ta frem når bass-, tenor- og alt-stemmene skulle øve på sine stemmer.....

Som vanleg vil eg strikke/hekle ein overdel og stoff til underdel. Om det blir gjenbruk eller eg kjøper ein bit stoff veit eg ikkje heilt endå. Eg må sjå når overdelen er ferdig.... så lang, så godt....;o)

Det her vore ein del møter og elevsamtaler desse dagane så stundene med symaskina har vore få og korte, men pose nr. to er ferdig.
Kjekt med det som er ferdig! No kan begge jentene ha gode posar til byteklede. Kjekkare enn plastposar....;o)
I ettermiddag håpar eg å quilte ein løpar.
Kanskje rekk eg å dekorere den med litt anna enn quilting. Kva det vil bli.... vel, det vil komme etter kvart, eg veit ikkej endå;o)
Lintråd er kjøpt inn, tenkte å leike meg med heklekroken. Det kan bli lekker dekor...... Skal tru om eg får den ferdig til helga...??
Det vil vise seg..... du får sjå den når den er ferdig og kanskje undervegs.....;o)
Ha gode dagar!

1 kommentar:

KariL sa...

Ja du har ei nydeleg utsikt.
Kjekt at du kan være med på korøvingane igjen. Skal krysse fingrane for deg.
Posane vart kjepestilige og så ein topp til?? Du verda. Kreativ er du alle fall.
Tysdagsklem frå KariL!