fredag 12. november 2010

Undervegs.....


Eg har nesten ikkje tid til å skrive..... Eg er oppslukt i arbeidet med den nye løparen min.


Når eg no endeleg har starta klarer eg nesten ikkje å legge den i frå meg;o)


No kan eg ta fatt på lukkekanten, men eg tenkte å pynte den endå litt meir...






Go'orda er på plass....


Eg er veldig glad i å bruke slike. Denne gangen er det sitat av B. Bjørnson og W Shakespeare eg har brukt.

Det er godt å bli minna på, for vi gløymer det lett i kvardagen....



Tynn lintråd og broderigarn har avløyst symaskina. Eg har ein idè om perler.


Eg fann noko lekker ulltråd/ullband og blonder i går. Kan det passe eller skal eg spare det til neste prosjekt....


Eg må passe meg så den ikkje blir overlessa med alle idèane. Det gjeld å stoppe i tide......


Å dette er verkeleg moro!




I helga vil den årlege husflidsmessa går av stabelen. Eg er heldig og skal vere med på dugnaden og kan difor vandre rundt blant alle dei flotte produkta og la meg inspirere! Det gleder eg meg til.


Eldstegullet og mostegullet... er heldige og skal få vere med å selje sine produkt. Det er tredje året dei er med og det er flott at 14-15 åringane får innpass på messa. Vi er veldig glade for det.

Vil du starte julehandelene og la deg imponere eller la deg inspirere må du gjerne ta turen til Florø i halga. Messa er open både laurdag og søndag!


Ha gode dagar!

1 kommentar:

Ann Tove sa...

Den løparen blir flott, gler meg til å sjå resultatet.
Skulle gjerne vore i Florø på messe, men det passa ikkje denne helga.
Kanskje eg kan ta turen eit anna år å ha stand...
Kjekt å vere med på dugnad og.