fredag 31. desember 2010

Nytt og blankt.....


Eg fekk ei lita go'stund i går, med lydbok og symaskin;o)

Eine puta vart ferdig og står no å skin i sofakroken;o)

Det er godt å tenkje på at det ligg fleire prosjekt som kan gjerast ferdig og endå fleire på det-har eg-lyst-å-gjere-lista.

Nytt år og nye mogelegheiter og alt det som vi plar seie på denne tid....



I kveld er vi heldige, vi skal halde hus for venner som skal samlast til spleiselag. Det er ein fast gjeng som samlast kvar nyttårskveld.

Som tidlegare år er det pinnekjøtt med tilbehør som står på menyen. Kjøttet dampar vi, tilbehøret blir laga av dei som kjem.
Desserten laga eg i går og det er karamellpudding.

.....mmmm eg gledar meg både til gjestene og maten;o)




Huset er omtrent klart, litt finpuss med vaskeklut og -børste, deretter dekke festbord med ei mengde levande lys, så er vi klare for kvelden.

Eg satsar på å vere inne i kveld så eg ikkje blæs av..... Det skal visst auke på med vind i kveld....;o), om så er vil det riste godt i huset,......men det vil tida vise.....;o)


Med dette vakre hjertet, som eg var så heldig å få til jul;o), og med dei nydelege orda...... Fra hjertet......
......vil eg ynskje dokke alle eit God Nytt År!!

Eg gleder meg til mange kjekke stunder "saman" med dokke også i året som kjem.

Takk for all inspirasjon og glede som eg har hatt i året som det berre er timar att av.....



Ha ein god kveld!


4 kommentarer:

Laila sa...

Lukke til med nyttårsfesten! Godt nytt, kreativt år til deg!

Siv sa...

Godt nyttår til deg og dine også! :o)

Unknown sa...

Så koselig med vennetradisjoner! Vi har alltid romjulsfest, og det er alltid like kjekt hver gang. Lykke til med kvelden. Ønsker deg alt godt i det nye året, håper det blir fylt av kreativitet, familie, venner og alt du setter pris på! Klem

KariL sa...

Lykke til med nyttårsfeiringa. Lekker pute.
Godt nyttår til deg og dine!