lørdag 18. desember 2010
Snuppefin......
Eg har omsider fått nesta fast lukkenkanten på desse to mappene. Tenkte dei er fine som "fjortisgåve". Gløymde meg heilt og laga enkel lukkekant......
Her i huset er det god førjulsstemning. Eldste kokelerar og lagar konfekt, mmmmm..... Det luktar godt av smelta sjokolade, essensar m.m.
Litt skal vere gåver og litt skal vi få kose oss med i jula......
Mellomste er ferdig med julehandelen. Ho pakkar inn, lagar merkelappar og kosar seg med det. Og kjem med veslevakse småprat om kor godt det er å vere ferdig med julehandelen. No slepp ho å stresse og kan kvile seg når ho er ferdig på skulen..... Vel, vi startar tidleg å stresse for tida.......
Min kjære og eg tenkte å få med oss handballkampen i dag.
Då blir det kaffi, handarbeid og spenning. Det er blitt tradisjon å få med seg desse kampane i førjulstida. Vi ryddar plass til det. Det er så kjekt når landslagsjentene er så gode;o)
Nyt dagen og Lukke til!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Kjekt med god førjulsstemning i huset. Vi ser håndballkamp vi og. Julekakene smaker himmelsk :)
Så kjekke gaver til sminkeglade jenter:)
Ønsker deg en riktig god jul,
Svalen.
Legg inn en kommentar