Det er så godt å sjå at det er lysare når vi tek morgonturen til skulen! Det lysnar og vi ser på ny dei fine rosa sjatteringane. Vi gledar oss over dei både veslegullet og eg;o)
Når eg sidan kjem heim og kastar eit blikk ut stoveglaset ser eg endå meir av det rosa....
I skrivande stund er det sola som skin over øyane, det er ein vakker solskinsdag å glede seg over!
På syrommet ligg det lappar å ventar på meg;o) Endå meir å glede seg over!
Eg skal sy desse saman og kombinere dei med nokre andre blokker. Nok eit prosjekt som har ei skisse som utgangspunkt og så ser eg om det blir som skissa eller......
Ha ein fin solskinsdag!
3 kommentarer:
Ja, no lysnar det. Eg har nett vore utpå trappa i fem minutt med kaffikoppen og " sola" meg :)
Var godt, men litt kaldt enda.
Berre nyt føremiddagen før eg skal på arbeid. Gler meg til å sjå kva resultatet blir av lappane dine.
Ha ein flott dag.
Ja, når det mot lysere tider, og det er så herlig:)
Lykke til videre med lappene, skal bli spennende å se hva det blir!
Det må være herlig når lyset vender tilbake!
Skal følge med for å se lappeprosjektet ferdig!
Klem;)
Legg inn en kommentar