torsdag 20. januar 2011

Ein god ting......



..... kan ikkje syast for ofte! Difor har det no blitt ein heil familie.
Alle tre jentene mine har no fått ugler. Dei minste gulla mine har to, ei lita og ei stor....
Eg har har og ei.....;o)
Desse to er det mellomste som har. Dei er med nesten overalt, i vert fall heime....

Eg har leika meg med fargar og mønster også her. Litt med dei stoffa eg har brukt i det siste, men og med fargar eg veit dei likar. På desse kan ein kombinere kva som helst.... nesten....;o)

Denne og den rosa retrougla fekk minstegullet. Også ho har dei med overalt.

Dog ikkje på skulen.....

Uglene har faktisk danka ut dukker, spel ol. Saman med (ein haug) andre bamsar sysselset dei no dei to minste;o) Det er no ein draum for mamma......;o)

Denne er ei skikkeleg retrougle då stoffet til venger og kropp er frå min barndom.....

Eldst lurte på kven som skulle ha alle uglene eg sydde, og så kom det forsiktig.... Eg har ikkje fått ugle eg, men eg har sikkert ikkje plass på rommet mitt....

Kven kan stå i mot det??? Ikkje eg, så ei lita ugle prydar no henner rom og....

Men då seier eg meg ferdig for ei denne gang med ugler!

Om litt skal eg på inspirasjonstur saman med mi gode veninne, Laila.

Vi skal avgarde til ei anna venninne og NYTE kvart eit sekund! Tenk ei langhelg i kreativitet, kan ein ha det betre???

Ikkje eg!

Ha ei super helg!

2 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Alle uglene dine har sannelig sin egen personlighet! Disse er helt hærlige :o)

Ha en riktig fin og kreativ helg....vi får vell en liten titt etter hvert ???

KariL sa...

Mange herlige ugler til glede for liten og stor. God tur!