søndag 30. januar 2011

Gjenbruk....


For ei lukke det er med slike gla'boksar til ting og tang.....

Til no har eg hatt dei på syrommet og dei rommar alt frå sytråd, knappar, perler til restelappar.

Held eg på med eit prosjekt med fleire fargar på sytråden er desse kjekke til å putte trådsnellene i. Alt på ein plass.

No har eldstegullet som har pynta boksane med nydeleg papir frå Blafre.


Boksane har tidlegare romma valnøtter. Dei har praktisk plastlokk og kan som sagt brukast til mangt.... sa eg at eg var glad i nøtter.....;o)



Lappeprosjektet mitt er og eit gjenbruksprosjekt.
Lappar frå lageret saman med eit ullteppe som eg har fått for nokre år sidan.

Tenkte det blir pent med "pynt" på eine sida. Ulltepper er gode og kan brukast både ute og inne.

Lukkekant er sydd på så det ligg til rette for handsaum.

Deretter tenkte eg å knyte teppene saman. Det kan bli varmt og godt ei stund framover..... Med teppet i fanget.....


God søndag til deg!

2 kommentarer:

Ann Tove sa...

Kjempefine boksar. Inspirasjon til meg som har samla ei full veske med tomme boksar, som ein dag skal dekorerast.
Dette teppet blir lunt og godt å bruke, kjekt å kunne fornye slike gode gamle ulltepper.
Ha ein flott søndag.

KariL sa...

Så fine boksane blei. Eg har også eigne boksar til kvart prosjekt. Ein måte å halde styr på meg sjølv og mitt.
Kjekt med arbeid som held ein varm. Nydelige fargar. Blir godt å ha når ein får lyst til å sitte ute på kalde fine vårdagar.
Ha ei fin veke. Klem!