mandag 28. februar 2011

Fargefest!

Det er ikkje mykje som skal til for å få fram smil og glede....

Det er lyst når eg startar dagen, dvs at i sju-tida om morgonen er det lyst og eg kan sjå øygarden, ikkje berre lysa som blinkar i mørkre;o)

Sola som vinn over skoddehavet på ein mandag;o)

.... og desse vakre, fargerike stoffa......


Siste del av vinterferien brukte vi i Bergen. Vi har trakka mykje og sett mykje fint.

Denne gangen var det butikkane som freista. Med 5 stykker som kvar har sine ønskjer, vart det mange timar i butikkar gitt.

Med ettersom Bergen var våt og grå var det i grunnen heilt greitt...



Eg kjenner at det skal bli ein svært roleg dag i dag..... Litt trening og sykveld i kveld gjer at føremiddagen skal brukast til handsaum.....

Når vi reiser på tur er det svært greitt å ta med eit strikkety eller tre....

Dette har eg strikka før ferien, men kanten nedst vart gjort ferdig i går, då rundpinne nr 3 har vore i bruk til anna ei stund.....


Den er kome av pinnen og eg har nokre trådar å feste..... bilete vil kome om litt......



Det er ein søt kjole/tunika til ei lita prinsesse;o)

Mønsteret har eg funne her. Eg har prøvd fleire av hennar mønster og dei er fine og enkle å følgje.
No skal eg berre finne to grøne knappar så er denne klar.



Ha ein god dag!

3 kommentarer:

Trollkåno sa...

So flotte stoff....fargerike og fine, som eg likar. Tenkte nett på at eg må snart ta ein tur innom Brukt'n igjen, har funne nokon godbitar der.......
Nydeleg kjole òg!
Ha ein fin dag!

Ann Tove sa...

Ja, no vårast da rundt oss :) Det lysnaar litt for kvar dag.
Flott tunika du har strikka.
Ha ein flott dag.

KariL sa...

Herlige stoff du har kjøpt. Her kan det bli mykje fint.
Nydelig tunika som sikkert blir godt motteken!
Gleder meg til sykveld!
Klem!