tirsdag 1. mars 2011

Lagersaum.....


Eg har leika meg vidare med restane etter dette teppet.
Av strimlane laga eg nierblokker.


Deretter fann eg restar av lin. Litt frå ein av kjolane mine, og noko frå Tildasaum.... Lett blanding av nyare stoff og noko som har lege på lager ei stund med andre ord....




I staden for vatt og bakstykke
har eg brukt eit gamalt ullteppe.


Det er grå-grønt og har blå striper.... Eg tenkte det kunne trenge litt oppfrisking.....;o)




Eg har quilta det for hand, eller eg starta med å knyte det saman. Eg har knytt knute der fire blokker møtes. Først i dei store blokkene.


Til slutt knytte eg og i midtblokka på to av nierblokkene, mest for pynt.....





Så har eg sydd blomar på nokre av dei einsfarga blokkene.


Eg har brukt ein noko tjukk bomullstråd. Her har eg brukt knutar i sentrum av blomen og attersting i blada.





Her har eg var eg i humør til både attersting og tråklesting;o)

Blomane teikna eg på før eg brukte broderiramma og den same brune bomullstråden.


Eg likar best å bruke ramme når eg broderer, den er god å halde i og strekkjer stoffet slik at det ikkje rynkar seg saman under saumen.







Variasjon er fint, så på nokre blokker har eg sydd tråklesting enten rundt kanten eller som her i striper.






Ramma på teppet er og eit stoff frå lageret, eg tenkte eg skulle sy kjole til veslegullet av det.


Sjølv om eg har brukt dette stoffet rundt blokkene i midstykket er det rikeleg att til kjole.... Det spørs om ho vil ha det no når eg har brukt same stoffet i teppet....;o)


Fargane i blomane passa så godt til nierblokkene så det måtte berre verte slik.
Også her har eg quilta litt. Nokre av blomane har fått tråklesting i kanten.


Vel, no er det vel slutt på bunadsaum-pausen....
Ha gode dagar!

2 kommentarer:

Orlaug sa...

Fint teppe......og so kjekt å få brukt opp nokon restar. Eg må skjerpe meg litt der, har lett for å kjøpe nytt. Sikker på at om eg hadde teke meg tid til å gå gjennom lageret, hadde eg funne mykje brukande. Det stoffet i ytterkanten har eg visst på mitt lager òg.So fint når du har quilta rundt blomane.

Laila sa...

Så flink du har vore å kombinere gammalt og nytt. Kjempeflott!