søndag 20. februar 2011

Saum, solskin og glede


Torsdag var det nok ein gang duka for sykveld på Kreativiteten.

Vi skulle sy desse ruskeposane og sidan eg har sydd dei før, kunne eg hjelpe dei som ville lage desse.

Eg hadde planlagt å sy to, så eg kutta til desse to. Den eine sydde eg delvis saman. Eg synes det er enklare å forklare om eg har noko å vise på.

Den andre brukte eg når eg skulle vise kva bitar dei andre skulle kutte.

I helga kunne eg då sy ferdig begge to. Den eine har eldstegullet teke i bruk. Frå rommet hennar høyrer vi lydbok og symaskindur..... Hmmmm det er noko kjent med det.....;o)


Stoffa i dette settet var nett kome inn i butikken. Det passa så godt til sy-utstyr då det eine har symaskin, garnkorg m.m. på. Det mørke har knappar. Med nokre bitar frå lageret som friskar opp vart eg freista til å lage litt meir.

Det vart ein pose til tilbehør eller liknande og ei nålemappe. Då kan ein ha alt innan rekkevidde ved sofakroken eller godstolen;o)

No skal eg ha nok ei lita økt ved symaskina før eg skal ut på tur. Vi er nokre damer som skal på øyatur. Det blir ein fin tur i godt selskap og med sol frå ein skyfri himmel er ramma for turen er perfekt;o)


Ha gode dagar!

1 kommentar:

LillePil sa...

Rigtig fin blog du har her, her må jeg hellere komme igen.
Hav en dejlig dag.

KH Berit