torsdag 3. mars 2011

Litt av det og litt av det....


No er overdelen til kjolen min ferdig. Eg har festa alle endane, vaska den og no kjem blondestrikket til sin rett.

Toppen er lett og luftig og ventar no på skjørtet.
Det kjem etter kvart. Stoffet ligg på syrommet å ventar;o)


Eg har stikka etter innfallsmetoden, dvs at stripene er tilfedige både i breidde og når fargen sist vart brukt.

Eg ville ha v-hals og raglanfelling, det var det første eg bestamte meg for. Eg leita litt rundt etter mønster og det fann eg her.
Så var det litt rekning for å finne ant. masker og strikkefastheit....

Etter å ha prøvd den ser eg at det gjekk bra og den passar..... Eg er ikkje så flink med prøvelappar, vil i gang med ein gang;o)


Eg vart ikkje ferdig med bunaden i februar, men eg er godt i gang. Eg prøver å gjere litt kvar dag, i dag kom eg eit steg vidare på stakken. No må den prøvast før eg kan sy den på. Livet er tråkla saman, men eg trur eg vil ein tur innom søstera mi før eg syr den saman. Det er no greitt med litt ekspertise.....

Då dagens bunads-økt var ferdig, kunne eg med "godt samvit".... sy ferdig nokre prosjekt som freistar.

Denne puta er ein av mange gevinstar som gruppa "Sjeive Sting" har laga til Quiltetreffet for Sogn og Fjordane. I år er det vi i Florø som har æra av å arrangere det. Set gjerne av datoen 10. april og kom til Florø!
Vi håpar mange kan tenkte seg å komme og vise fram dei fine arbeida vi trur de har liggande. Det er ei flott anledning å gje oss alle ny inpirasjon. Påmeldingsfristen er 15. mars.
Vi får og foredrag av Kari Renolen ei av grunnleggarane av bladet "My Quilt" Ho skal ha med nokre av modellane dei har hatt i bladet. Dette saman med utstillinga vil gje god inspirasjon for fleire prosjekt.


"Sjeive Sting" treffes no og då for å sy saman. Vi har som regel eit tema for kvelden.

Som skrive før har vi sydd fleire gevinstar til Quiltetreffet og restane frå desse har eg brukt på dette omslaget.
Eg har berre lagt bitane på vatten og sydd dei fast. Sårkantane ligg då på oversida og er ein del av dekoren.

Kreativ og passeleg "uryddig", nett slik medlemmene i gruppa er.....;o) (missforstå meg rett....)
Ei uhøgtidleg gruppe, med stor takhøgde, der latteren sit laust. Nett slik det passar meg.
No vil eg hekle litt med "selskap" av herrane i Platesjappa. ...dei på radioen, veit du......
Ha gode dagar!

3 kommentarer:

KariL sa...

Nydelig topp til kjole og lekker pute. Litt adspredelse frå bunadssaumen må til. Her går det i småstrikk, når eg må ha ei pause frå bunadsjakka. Mykje VM som skal sjåast òg.
Ha ei flott veke :)

Bestemor Drillo sa...

Vakker kjole i herlige farger og mønster!
God helg!

Ann Tove sa...

Flott mønster i toppen til kjolen, gler meg til å sjå den ferdig. Fine lappeting òg, kan tenke meg de har da kjekt på møta dåkars.