søndag 17. april 2011

Helgesyslar


Det er innehelg med grått i grått og ruskeveir.
Godt er det då at eg har innesyslar, nydelege blomar, og familien.

Eg har gode regnklede om lysta til friskluft blir påtrengande.....;o)

Påskeferien har starta for jentene. Min kjære skal arbeide mandag før han kan ta påskefri, men i dag skal vi ha ein roleg dag. Ingen planar, berre gjere det som fell oss inn.



Eg har som vanleg litt forskjellig eg kan putle på med. Nokre fargeglade lappar som lokkar.....

Eg manglar vatt slik at eg får ikkje gjort ferdig denne.
Eg kjøpte vatt for ei stund tilbake, kva eg tenkte på då eg kjøpte den veit eg ikkje, men eg klarde å kjøpe den nokre få cm for liten.....;o)

Ja, ja den kan eg sikkert bruke når desse lappane er sydde saman, og mandag kan eg kjøpe vatt som passar.....;o)

Eg kan jo ikkje verte handarbeidslaus i påskehelga......



... og så har eg dette arbeidet. Det går jamt og trutt framover, litt for kvar dag.

No er den største rosa brodert og eg har fire små broderi på sjølve lommen og ei litt større rose på øvste delen av lommen.

Så i løpet av ein dag eller to er den nok ferdig.

Nyt fridagane!

1 kommentar:

KariL sa...

Kjekt med innsysler. No er det ikkje mykje igjen på lommen. Nydelig saum du utfører. Ta det litt med ro ute no, det gjorde ikkje eg. Nokon plasser er det altfor mange greiner :(

Klem:)