fredag 8. april 2011

Quiltetreff i Florø

Har du lyst, har du lov, og du er hjarteleg velkommen!! Det kjem til å bli mykje fint å sjå, det er eg sikker på.


Eg vil tru at det er både tepper, løparar, figurar, handsaum, maskinsaum. Ja, alt som kan lagast med stoff, nål og tråd.



Vil du sjå mykje fint og la deg inspirere kan du gjerne ta turen til Florø og samfunnshuset på søndag.


Dette bildet får du diverre ikkje sjå på treffet. Det er brukt på invitasjonen, og eg måtte berre vise det fram.....

Det er laga av Laila Berge, og er av Stabben, fyret som ligg i skipsleia inn til havna i Florø.


Frå kl 14.30 er utstillinga ope for alle.

Kom innom å sjå alt det flotte handarbeidet som er utstilt.


Det er og ei rekkje butikkar som byr på det ein kan trenge til saum, samla på ein stad......;o)


Og skulle du bli trøtt i beina og ør i hovudet av å gå rundt å sjå på alt, kan du sette seg ned med kaffi og kaker og vente på trekninga av lotteriet.


Det er MANGE flotte premiar, nokre er laga av medlammane i quiltegruppa/husflidslaget, andre har vi fått. Felles for alle er at dei er til glede for dei som vinn!


Som sagt er du meir enn hjarteleg velkommen!

3 kommentarer:

Laila sa...

Eg gler meg (bortsett frå å måtte stå opp kl.07 ein søndagsmorgon) :)))))

Shus sa...

Hei!

Eg heitter Solveig og har ein blogg som heitter Kvardagsgleder. Eg oppdaga i går at der er to av oss!! Det var hos Emmeline er oppdaga det, då ho viste dei tøffe kyllingane du hadde laga!

Eit morsomt samantreff!!

Mvh Solveig

Mallemor sa...

Skulle gjerne vert i Florø i morgon, men må prioritere å passe barnebarn. Rekner med fyldig rapport fra dei herfra som skal av gårde. :)