tirsdag 7. juni 2011

7 år!

Minstegullet vårt er 7 år i dag;o) Veslejenta, koseklumpen og mammagullet veks til. Snart er ho ferdig med 1. klasse og eg synes at det var i går ho var fødd....

Ja, ja nok klisjéar for i dag. Men kvar gang eit av mine gull har bursdag kjem slike tankar. Kvardagen er her, kvar dag, og dagane går i ekspressfart. Inn i mellom stansar eg opp og tenkjer etter... Eg prøver å bli flinkare til å nyte nuet, og skjønar ikkje heilt kvar dagane blir av.....
Eg er vel ikkje heilt aleine om å ha det slik....

Ynskjet til bursdagsbarnet var frukost på senga med pannekaler med sjokoduo, kven kan vel seie nei til slike ynskjer?.... ikkje eg.....;o)

Frukost på senga vart det, med pannekaker, pakkar, fleire pakkar og sang. Ein god start på dagen....

Ein av mine måtar å nyte dagen og nuet på er å gjere dette:

Kan eg få kutte, sys saman, brodere eller liknande "pustar eg med magen" og kan ta meg sjølv i å smile, eg nynnar og kosar meg.... Det er ei kvardagsglede å kunne få lov å skape noko kvar dag;o) 

Denne har eg lenge tenkt eg skulle lage. Eg synes den er liten og søt og passar godt til Tildastoffa eg har...
Mønsteret fann eg her om det er fleire som blir freista....,o)  Den er lita, søt og enkel å lage og oppskrifta er enkel å følgje.

Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Kerstin sa...

Gratulerer med minstegullet i dag :) Det er sant som du sier - viktig av og til å stoppe opp av og til.
Ha en fin dag idag.
Klem

Bente sa...

Gratulerer med dagen i heimen.
Tida fyk, så det er viktig å nyte dagane som kjem :-)
Brikka du har sydd var kjempesøt, takk for linken, denne vil eg prøve.

Svalen sa...

Vel overstått gullets bursdag!
Ja, forunderlig så hurtig tiden flyr. Viktig å ta vare på, og nyte de viktigste "tingene" i livet.

Kjempesøt brikke!

Ha en fin kveld.