søndag 11. september 2011

Oppussing

Vi var så heldige at Eldstegullet gjerne ville male loftsova vår i sommarferien. Det skjedde først i juli og enno har vi litt å putle med før det blir heilt ferdig.

Det er småting som å male ei hylle eller to, henge opp att det vi vil ha opp att på veggane. No er det ikkje alt som skal opp att, men det vi vil ha er kome på plass. Det blir og litt nytt, men eg må berre sy det først.....;o)

Som de ser er det no lyse veggar. Glaskarmane er det  ikkje gjort noko med. Dei skal få vere slik ei stund, for enno synes eg det passar. Om litt kan det vere at eg vil ha dei og lyse.....
Lampeskjermane kom ikkje gjennom nålauget til målermeisteren, dei må enten bytast eller ordnast.

Eg har tenkt å prøve å ordne dei, og den første er no ferdig. Den har fått hekla trekk på skjermen. Tøff, eller??

Min kjære er ikkje sikker på om det blir skikkeleg lys av den lampa lenger..... Minstegulla og eg, vi er nøgde;o)

Eg har brukt Muskat frå Garnstudio, dobbel tråd og heklekrok nr 8.

 Vi har to skjermar til som eg har andre planar for, og om det lukkast kjem det her;o)


Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

KariL sa...

Den blei riktig tøff og stilig. Om det ikkje kjem så mykje lys av den, kan det jo komme frå andre lyskjelder :)

Veska i forrige innlegg var knalltøff. Blir nok kjekt å kunne bruke og vise fram for mottakeren.

Ynskjer deg ei riktig god veke!

Klem:)

Bente sa...

Det er alltid kjekt med oppussing, spesielt når ein er ferdig :-)
Lampeskjermen din blei tøff den, smart måte å fornye på.
Blir spennande å sjå dei andre.

Ha ei fin veke :-)