I dag har eg hekla siste maska i dette teppet. Eg starta med det i sommar og tenkte det var eit passeleg ferieprosjekt.
Det har difor vore med meg til Molde og på Danmarkstur, rundt om kring i nærområdet har det og vore.
I haust starta eg med å hekle det saman og etter kvart som teppet vaks har det vorte eit kjekt fjernsyns-arbeid.....:o)
Eg har og denne gangen brukt andre fargar enn orginalen, men det er no ein gong slik eg er ......
I Molde vart det hekla mykje i dagane rundt 22 juli.
Det var god terapi å ha noko i hendene når ein skulle ta inn over seg det son hadde skjedd og bearbeide alle tankane som denne hendinga skapte.
Det å kunne skape noko vakkert når noko så uverkeleg skjedde var terapi. Teppet kjem nok til å minne meg på denne hendinga, dei som aldri kom heim, i tillegg til kjærleiken og omtanken det vekte hos oss alle.
Vakre fargar er det i teppet og det varmar godt. Det har eg kjent når eg har hekla det saman og hekla kanten rundt.
Eg har laga det noko større enn orginalen, Eg har 9 x 12 rekkjer slik at det kan pakkast rundt mesteparten av kroppen, heilt opp til nasetippen om nødvendig....;o)
Når det heng her ser eg at det passar perfekt i fargane til biletet som eldstegullet meinte eg berre måtte ha, .....eg er no einig med ho i det.
Nydelege fargar og ugler seier eg som kjent ikkje nei takk til.....;o) Ja, ja no er haustmørket her og bilete tekne inne blir så som så.....
Eg har brukt Deligth frå Garnstudio til rutene og hekla det saman med Sisu frå Sandnesgarn, det siste berre fordi dei hadde den turkisfargen eg ville ha....
Gjer dagen din god!
8 kommentarer:
Fantastisk! Kjempeflott ......dei fine fargene . Er imponert igjen:))))) klem lilladør.
Herlig, varmt teppe!
Helt nydelig!! Fantastisk flotte fargekombinasjoner!
Nydelig teppe som kjem til å gje deg myke varme og glede. Fantastiske fargar.
Ha gode dagar!
Klem:)
Kjempefint teppe. Eg likar slike store gode heimelaga tepper. Held sjølv på å hekle ruter, trur eg nærnar meg 90 stk. Har hatt ein pause i heklinga no, men fekk lyst å fortsette no når eg ser dette. Kos deg under teppet ditt :)
Herlig teppe i flotte farver, kjenner helt hit at det vil varme på mørke kvelder.
Nydelig!
Så kjempefint teppe! Det er ofte et tålmodighetsarbeide, men resultatet blir jo herlig og varmt tenker jeg.
Ha en god dag:))
Legg inn en kommentar