torsdag 3. november 2011

Kjolefin er fint.....


Denne kjolen har vore ferdig ei stund og flittig brukt.... Toppen er i ein varm plommeraud farge og har rundfelling som er ein av mine favorittar.

Eg likar så godt fargane både i toppen og i skjørtet. Eg har valt å ha ein kontrastfarge til pynt.


Ein som passar godt til fargane i kjolen, synes eg....;o)



Ein lomme til pynt og nytte har eg sydd på denne gangen.

Det er jo litt praktisk å ha mobilen lett tilgjengeleg til tider:o) og lommen pyntar opp kjolen.

Den er plassert litt på skrå, noko som og passar meg fint.


Litt anna pynt har eg og laga. Den vart til i samband med denne kvelden. Stoff og fargar er inpirert av denne kjolen og stoffet til kjørtet er og brukt i pynten.

Eg ville ha fleire variantar av desse,  til inspirasjon for dei andre damene.

Toppen er i ull, kjøpt hos Pamela på Holmen Atelier. Ho har tråd i mange nydelege fargar. Og etter vask blir ulla mjuk og god.

Stoffet er i babyfløyel og er og mjuk og god.




Ei av favorittjakkene mine har same grønfargen som kantane;o). Kolen og  og den nye fasongen passar meg veldig godt og fleire kjolar "surrar rundt" opp i toppetasjen....

Eg må få sydd ferdig nokre småting og teppet mitt så eg kan starte på fleire kjolar......, eller toppen kan eg no allereie starte på.....;o) Eg har litt mjuk tråd i nydelege fargar liggande.....;o)

Det passar godt til mørke haustkveldar, levande lys og varm drikke i koppen;o) Haustkos, trur eg det heiter......;o)

Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Bente sa...

Flott antrekk i herlege fargar.
Du er dyktig :-)

ahli sa...

Fin kjole.

Astrid

GNIST sa...

Skikkelig fin kjole i herlige fargekombinasjoner! Likte veldig godt pynten/brosja du hadde laget til kjolen! Nydelig kjole og flotte materialer!