Eg likar så godt fargane både i toppen og i skjørtet. Eg har valt å ha ein kontrastfarge til pynt.
Ein som passar godt til fargane i kjolen, synes eg....;o)
Ein lomme til pynt og nytte har eg sydd på denne gangen.
Det er jo litt praktisk å ha mobilen lett tilgjengeleg til tider:o) og lommen pyntar opp kjolen.
Den er plassert litt på skrå, noko som og passar meg fint.
Litt anna pynt har eg og laga. Den vart til i samband med denne kvelden. Stoff og fargar er inpirert av denne kjolen og stoffet til kjørtet er og brukt i pynten.
Eg ville ha fleire variantar av desse, til inspirasjon for dei andre damene.
Toppen er i ull, kjøpt hos Pamela på Holmen Atelier. Ho har tråd i mange nydelege fargar. Og etter vask blir ulla mjuk og god.
Stoffet er i babyfløyel og er og mjuk og god.
Ei av favorittjakkene mine har same grønfargen som kantane;o). Kolen og og den nye fasongen passar meg veldig godt og fleire kjolar "surrar rundt" opp i toppetasjen....
Eg må få sydd ferdig nokre småting og teppet mitt så eg kan starte på fleire kjolar......, eller toppen kan eg no allereie starte på.....;o) Eg har litt mjuk tråd i nydelege fargar liggande.....;o)
Det passar godt til mørke haustkveldar, levande lys og varm drikke i koppen;o) Haustkos, trur eg det heiter......;o)
Gjer dagen din god!
3 kommentarer:
Flott antrekk i herlege fargar.
Du er dyktig :-)
Fin kjole.
Astrid
Skikkelig fin kjole i herlige fargekombinasjoner! Likte veldig godt pynten/brosja du hadde laget til kjolen! Nydelig kjole og flotte materialer!
Legg inn en kommentar